Braktap med heile 6-0 borte mot Gjerdsvika/Larnes/Gursken

Tafatt og trist tap i denne kampen.


Her frå ein kamp borte mot Larsnes/Gursken 2 tilbake i år 2014.

 

Ein kamp vi gleda oss til blei heller ei smertefull erfaring på kor mykje vi har å jobbe med denne sesongen.
Sjølv om vi manglar fleire spelarar som er ute med skade framleis, og andre ute på sjø - så burde vi prestere mykje betre enn vi gjorde i denne kampen.

Heimelaget var kvassare både med og utan ball, og dei hadde vilja til å skulle vinne - den mangla diverre vi.
Slikt blir det tap av, men vi hadde ikkje rekna med å tape heile 6-0.

Vi haldt lenge heimelaget, og tilfeldigheitene gjorde at dei fekk sitt fyrste mål like før pause. 
Ein heldig Gjerdsvikspelar kom mot eit utrusande Frank Håkon Abrahamsen i Tjørvågburet, sistnevnte redda, men ballen spratt tilbake i leggen på heimelaget sin spelar og flaug liksågreit i mål og 1-0 til Gjerdsvika/Larsnes/Gursken.

2. omgong starta som fyrste omgong avslutta, nemmeleg eit mål til heimelaget.
Frå der av scora laget liksågreit 2 mål til, og alt gjekk frå vondt til værre for Tjørvåg på værst tenkeleg tidspunkt.
Vi klarte aldri å reise oss etter dette, og slapp inn 2 mål til før dommaren endeleg bles av kampen.

Vår desidert dårlegaste kamp hittil i sesongen, og med meir guts, betre valg med ball, samt kaldare hovud så hadde vi aldri tapt denne kampen.

No blir det å utnytte treningane godt og gløyme denne sørgelige kampen. For neste kamp blir heime mot Hødd 3.

Takk til alle Tjørvågpatriotar som tok turen, og beklagar det endte som det gjorde.

 

-------------------------------------------------------------------------------------------------------

Før kampen:

Ny veke, ny onsdag, ny kampdag, ny sjanse for 3 poeng når vi reiser til Gjerdsvikbukta for å møte det nye samarbeidslaget GLG, eller Gjerdsvika/Larsnes/Gursken om du helst foretrekk heile navnet.

Vi er komne til den sjuande serierunda denne onsdagen, noko som betyr at det gjenstår 5 kampar før sommarpausa tek til (nokre lag har framleis 1 kamp mindre eller meir spelt også på dette tidspunktet). Og for å ikkje kome for langt bak på under haustsesongen, så er det no laget bør begynne å sanke inn poeng for å ikkje myste for mykje terreng til laga ovanfor oss på tabellen. Spesielt med tanke på kor jamne laga også er i år når vi ser på toppstriden og botnstriden, sjølv om sesongen ikkje er halvspelt heilt enda.

Over til vekas motstandar GLG. 
No som Gjerdsvika har etablert eit godt samarbeid med Larsnes/Gursken så blir det meget spennandes å sjå kva type lag vi møter. 
Vi veit svært lite om dette nye samarbeidslaget, men fleire av Gjerdsvikspelarane held framleis både hjula og beina i gong dette året også. Så eit fint gjensyn blir det utvilsomt. Dei store spørsmåla er heller kva spelartypar vi møter frå Larsnes/Gursken. Det verkar som det har kome meir unge spelarar i rekkene til dette laget, og Tjørvåg kjem nok til å møte eit godt rusta lag med ein god mix av rutine og «ung hurtigheit».

GLG ligg på ein 6. plass med totalt 7 poeng fordelt på fem kampar, der laget har 2 sigrar, 1 uavgjort og 2 tap:

Åmdal 4 - 3 GLG
Åheim/Stadt 2 - 6 GLG
GLG 1 - 1 Vartdal
Hasundgot 3 - 2 GLG
GLG 4 - 2 Moltustranda

Kampen deira mot Sæbø forrige veke blei utsatt til haustsesongen.
Derfor har ikkje laget spelt kamp på nesten 2 veker, så dette får vi håpe er ein fordel for Tjørvåg som framleis har ein del skadde spelarar.
Dei vi veit som fortsatt er skadde enda er:  Rolf Henning Klungsøyr, Daniel Banados, Illyan Dinev (langtidsskadd) og Even Sævik må ta det roleg pga trøkken han fekk forrige kamp.
Ellers er Jørgen Ringstad og Pål Olav Myrvågnes på sjø, og fleire som er usikre. Heldigvis er Andreas Vatne tilbake frå skade, og Frank Håkon Abrahamsen er tilbake i mål etter ein liten tur på bøljan blå.

Vi håpar at fleire tek turen til Gjerdsvika denne kvelden, og støttar laget i kampen som går på naturgras (!).

Kampinfo:
7. serierunde 6. divisjon avd 2, 31. mai 2017
Gjerdsvika/Larsnes/Gursken - Tjørvåg
Avspark: 18.30
Storøyra gras
Dommar: Birger Elias Breivik (Volda TI)

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift