Surt 0-2 tap mot Hareid 2

Gjestane frå Hareid endte opp med alle poenga.

 

Kampfakta:
6. serierunde 6. divisjon avd 2, 24. mai 2017
Tjørvåg - Hareid 2 0-2 (0-0)
Avspark: 19.00 
Tjørvåg stadion
Dommar: Oddbjørn Aam (Åmdal IL, Ørsta Fotball)

 

Det var eit hardkjempande Tjørvåglag som måtte sjå seg slått 0-2 heime mot Hareid 2 i onsdagens kamp.
Eit allereide skadeprega heimelag med ein god del rokkeringar i startellevaren, spelte ein solid og god kamp der nokre minutt med ukonsentrasjon tilslutt blei avgjerande.
Uansett så var det gledeleg at dei tre nykomarane, alle fekk sin debut frå start denne kampen. Vebjørn Sjåstad i mål, Even Sævik på høgreflanke og Andre Dybvik Storøy som hengande spiss gjorde samtlege ein kjempe prestasjon i sin fyrste kamp for Tjørvåg.

Sjølv om gjestane tok føringa i kampen og hadde mykje ballen, så hadde dei ikkje mykje av store sjansar mot vår nye keeperdebutant Vebjørn Sjåstad.
Tjørvåg hadde stort sett god kontroll, men klarte ikkje skape særleg store vansklegheiter for Hareid 2 denne omgongen - dermed var det kanskje ikkje så ufortjent at stillinga var uavgjort 0-0 til pause.
Tjørvåg hadde berre ein spelar på innbyttarbenken i starten av fyrste omgong, og måtte omtrent midtvegs i omgongen gjere eit bytte.
Eit uheldig situasjon oppstod då ein Hareid-spelar mista balansen i ein duell og skallet hovudet i vår unge debutant Even Sævik. Begge spelarane gjekk i bakken med store smerter i hovudet, og sjølv om begge fortsatte nokren minutt til - så var det tydeleg at godaste Even ikkje hadde det heilt bra etter samanstøtet. For å være på den sikre sida så blei han tatt hand om og kjørt til legevakta, og så ein tur på sjukehuset. Utruleg trist då sistnevnte utmerka seg godt i kampen allereide frå fyrste spark på ballen.  Ifylge rapportane går det førebels bra med Even, og vi alle ynskjer han god bedring.

Andre omgong starta litt som i fyrste omgong, og det var bortelaget som hadde ballen mest. 
Tjørvåg såg ikkje ut til å finne roa i spelet sitt, og blei springandes mykje med litt ustruktur i laget. Det verka også som om laget lot seg stresse for lett, og dette gjorde at vi gjorde fleire feilpasningar, og feilvurderingar som gjestane frå Hareid utnytta ved fleire anledningar.
Iløpet av ei 8 minutters periode så hadde bortelaget scora 2 mål, og Tjørvåg mista rett og slett konsentrasjonen i denne perioda måla blei sluppe inn.

Gradvis utover i omgongen tok Tjørvåg meir tak i kampen, og spelte seg til nokre gode sjansar for både blandt anna Tommy Sporstøl og Andre Dybvik Storøy. Men med marginane imot så enda kampen dessverre 0-2 til Hareid 2.

Uansett så tek vi med oss det positive at våre tre nykomarar gjer ein solid prestasjon, og alle får ein god debut for Tjørvåg. Ellers så legg samtlege ned ein formidabel innsats, og laget har tatt store steg dei siste månedane - sjøv om poenga let vente på seg. Med litt fleire spelarar tilbake frå både skade og sjø etc, så kjem vi garantert til å sanke inn mykje poeng utover i sesongen - det er vi heilt sikre på (!).

Takk til alle som tok turen og støtta oss!
Takk til vår dyktige linjedommar Viktor Skarbø og kioskpersonalet!

No ser vi framover til neste kamp som er borte mot Gursken/Larsnes/Gjerdsvika onsdag den 31. mai klokka 18.30.

 

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Før kampen:
 

A-laget spelte sin fyrste bortekamp forrige veke, så no er det dags for ein ny heimekamp på Tjørvåg stadion.
Motstandar denne serierunda er Hareid sine nest beste, som har gjort sine saker svært bra hittil i sesongen.

Laget frå Hareidlandet har sanka heile 11 poeng totalt, fordelt på 3 sigrar, 2 uavgjorte og ingen tap på sine fem kampar.
Hareid 2 er også det einaste laget som har vunne mot avdelingsfavoritten Sæbø forrige serierunde. Men vi burde også nevne at laget gikk på ein smell med berre uavgjort 1-1 borte mot Moltustranda for 2 serierundar sidan. Dette gav forsovdt Moltustranda sitt fyrste poeng på 15 kampar.

Ellers veit vi særs lite om årets Hareid 2 lag i år, men ifylge våre «spionar» så stiller dei med litt sterkare spelarar i år kontra fjorårssesongen.
Noko som moglegens har litt å gjere med at stallen deira er mindre i år enn i fjor (?). 
Frå før veit vi at laget har mykje rutine og har fysisk sterke spelarar - som også er raske i beina. Dei har og spelt i mange år med omtrent samme grunnstamma i laget, så dette Hareid 2 laget vil garantert samle mykje poeng utover i sesongen.

Om vi rettar fokuset heim til vårt lag så slit vi fortsatt med ein del skader på enkelte sentrale spelarar. Og med ein allereide tynn stall så blir det nok ein gong vanskeleg å danne ein startellevar der det ikkje blir for mykje omrokkeringar. Som om ikkje det var grunn til hovudbry nok, så er også våre to faste keeperar begge vekkreist på sjø. 
Trass situasjonen så er det veldig gledeleg at vi iløpet av helga har signert to nye unge talent i Andre Dybvik Storøy og Even Sævik. Og sjansane for at dei begge får sin debut er ganske stor. Kjempe stas at begge er komen inn i Tjørvåg-varmen, og gutta har glidd kjempe fint inn i spelargruppa. 

Men ikkje nok med det, i anledning vår utsatte keepersituasjon så har vi også vore så heldige å signere ein ny keeper i Vebjørn Sjåstad.
Sjåstad kjem frå Bergsøy, men vil berre være med oss når det er behov. Han er også klar til kampen imorgon, slik at vi slepp å sette ein spelar i mål - noko vi er svært glade for.

Det blir utan tvil ein vanskeleg kamp mot Hareid 2, som stiller nok eit godt og rutinert lag. Så her må Tjørvåg brette opp ermane og tørr å spele sitt spel. 
Vi håpar at så mange som mogleg tek turen og støttar oss i møte mot Hareid 2 denne onsdagskvelden.

Vel møtt!

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift