Vårspretten 2017

Dei 5 krydra potetene stakk av med sigeren for best resultat på quizen. Bremnes Bompengelag (uvisst om dei er for eller imot) vart juryens favoritt blandt lagnamna og stakk dermed av med sigeren for beste namn.

Det var 71 store og små som deltok på marsjen. Til tross for at vergudane ikkje var heilt på vår side denne gongen var stemninga god både oppover Hovdahadla og nedover igjen mot Lia. På toppen av Hovda vanka det, tradisjon tru, både saft og varm kaffi. Etter marsjen var kiosken open og det vart Vippsa både pølser, vaffler og is. Til neste år har me blitt lova strålande sol og t-skjortever, så det er berre å legge seg i hardtrening. 

 
©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift