Oppdatert informasjon om årets medlemsfaktura

Faktura og medlemssystemet som me no nyttar er ganske så nytt for oss, og det vart i dag diverre sendt ut nye faktura ved ein feiltakelse.

Det var under arbeid med korrigering av ein del faktura at det diverre vart sendt ut nye faktura til alle medlemmer. Om den fyrste fakturaen du fekk var korrekt og denne er betalt kan du sjå vekk frå den siste som kom. Ventar du på ein endra faktura så sjekk om endringen er med, visst ikkje så er den ikkje korrigert enda. Me har og gitt beskjed til systemleverandøren vår at me ynskjer spesifikasjon på fakturaen, men det tek diverre litt tid å få dette på plass.

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products