Bergsøy 2 med siger over Tjørvåg

Tap i fyrste bortekamp mot Bergsøy 2.


Årets A-lag 2017 er endeleg fotografert (!).

 

Kampfakta: 
4. serierunde 6. divisjon avd 2, 15. Mai 2017
Bergsøy 2 - Tjørvåg 5-0 (3-0)
Avspark: 20.10
Havila stadion Fosnavåg
Dommar: Martin Javier Solheim (Spjelkavik IL)

 

Eit svært redusert Tjørvåg-lag tok turen til ytre Herøy for å møte Bergsøy 2 måndag denne veka. Det vart som venta ein tøff kamp for dei raude, og Bergsøy 2 hadde god kontroll gjennom heile kampen. Det vart ikkje betre av at Tjørvåg-spelar Daniel Banados måtte ut med skade midtvegs i første omgang. Eit allereie svekka bortelag sende innpå sin einaste innbyttar for kvelden, og då Andreas Vatne gjekk ut med skade berre minuttet spelt av andre omgang, måtte Tjørvåg fullføre dei siste 44 minutta med 10 mann.

Laget stod på og jobba godt, og var greit på høgde med heimelaget dei første 20 minutta av kampen. Bergsøy 2 fekk imidlertid kampen meir og meir inn i sitt spor, og leia fortent 3-0 til pause. I andre omgang kom det ytterlegare to mål, og kampen enda dermed 5-0 til heimelaget.

Tjørvåg stilte slik: Jørgen Ringstad, Daniel Nedreberg, Tommy Tandberg, Rami Abdalla, Kristoffer Aksnes, Pravin Kathiravelu, Remi Vattøy, Daniel Banados (Alius Rupinskas), Jacek Lipka, Andreas Vatne og Pål Olav Myrvågnes.

 

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
 

Før kampen:

Det er klart for ny seriekamp, og dette er årets fyrste på bortebane mot Fosnavågs nest beste - nemmeleg Bergsøy 2.

 

Bergsøy 2 har sanka mange poeng allereide hittil i sesongen, noko som stod til forventningane før alt blei sparka i gong.
Laget frå Fosnavåg er utan tvil å rekne som ein av tittelutfordrarane i årets avdeling her på Søre Sunnmøre, og med fleire spelarar frå fyrste laget så stiller dei nok sterkare enn mange både på heimebane såvel som bortebane. Det må vell kunne spekulerast i om Bergsøy 2 har flest rutinerte spelarar blant alle laga i avdelinga, spesielt med tanke på erfaringa som mange av dei har frå høgre divisjonar. Noko som laget kan spele ekstra mykje på, sidan dei ikkje har allverda med løpskraft, og kanskje ikkje held ut like lenge kondisjonsmessig i motsetning til dei fleste av laga i avdelinga. 

Tjørvåg på si side kjem frå ein dårleg kamp for næmrare to veker sidan, sjølv om det blei tre poeng heime mot Moltustranda. No ventar ei langt større og vanskelegare oppgåve mot ein av tittelutfordrarane Bergsøy 2. Samtlege må være skjerpa til denne vanskelege kampen, og det må knallhard jobb til for å kunne få med seg noko frå denne motstandaren.
Uansett så er det ikkje lenger enn juni i fjor sidan vi vant 1-2 på Havila stadion. Så moglegheita er der definitivt, sjølv om Tjørvåg må reise med ein del forfall til denne kampen.
Vi må berre fokusere på å halde tett bakover, og utnytte sjansane vi kjem til å få - for vi kjem til å få fleire sjansar (!).

Ta gjerne turen til Fosnavåg denne mandagskvelden, og støtt laget i årets fyrste bortekamp.


Kampinfo: 
4. serierunde 6. divisjon avd 2, 15. Mai 2017
Bergsøy 2 - Tjørvåg
Avspark: 20.10
Havila stadion Fosnavåg
Dommar: Magne Jonny Krumsvik (Hødd IL)

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products