3v3 Cup på Våge

I strålande solskin på Våge Idrettsplass fekk 6-7 åringar frå Bømlo boltre seg på heile 8 små 3'ar banar.

Fredag 05.05.2017 vart det for fyrste gong i historia arrangert 3v3 cup på Våge. 3v3 er fotball på små banar med små mål der ein spelar utan målvakt og fokuset er inkludering og glede for både spelarar og tilskodarar. Primus motor for turneringa, Hallgeir Myhre, var særs nøgd både med innsatsen til dei som spela og til alle dei kjekke ungdommane som på kort varsel stillte opp både som dommarar og i kiosken

Som ein kan sjå av bileta så var det mykje tilskodarar på plass for å heie på dei små spelarane, og det vart ein flott dag for alle.

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift