Kvernbit 2 åpnet med tap

Loddefjord 3 for sterke for "retrogjengen"

Strilen-journalist og Kvernbit-gutten Håvard Brakstad Moen tok i vinter initiativ til å lage et fotballtilbud for gamle helter og de som syns en trening i uken er mer enn nok. Søndag var første seriekamp og spillende/skrivende- trener Brakstad Moen har sendt inn dette referatet fra kampen;

På bilde: Håvard Brakstad Moen

Foto: Erik Hesjedal

TAP FOR KVERNBIT 2 I SERIEOPNINGA

7.divisjonslaget Kvernbit 2 fekk som venta ein tøff bortekamp og tapte 6-3 mot Loddefjord 3 i seriepremiera på Alvøen. 

 

For det tok berre nokre sekund før heimelaget sin gamle scoringsmaskin Roar Olsen sette inn 1-0 som på tidleg 2000-tal. L3 hadde også mange som har spelt 4.div nyleg så dette 6-3 tapet var ikkje så mykje å skamme seg over. Var det topplaget dei møtte denne kvelden?

 

Det positive var at Kvernbit 2 tidvis spelte veldig fin fotball, og hadde ballen mest, medan L3 var rimeleg effektiv og samspelt offensivt. Det var faktisk 5-1 til pause. Med omlegging til tre sentrale på midtbana vart det meir balanse og karane fortsatte å spela god fotball. Det vart fleire store sjansar til gjestane som var klart best etter kvilen. Kvernbit 2 vann den andre omgangen 2-1, men det kunne altså blitt fleire mål. 

 

Den som imponerte medspelarane mest var nok debutant og målscorar Henrik Pedersen som dermed vert sesongens første BB. Ein fysisk spelar, god med ball og har mykje foopall i seg - her har fansen eit navn å merka seg før heimekampen mot Fedje.

 

Etter kampen var spelarane i godt humør, men sjølsagt litt skuffa over tap og nokre enkle baklengs. K2 lærte mykje av denne kampen og tar med seg visdomen vidare inn i sesongen!

 

 

Mål for K2: Kay Andre Kristoffersen, Henrik Pedersen og Kjetil Breivik
 

 

Neste kamp er altså på søndag klokka 14:00 på Fossemyra mot Fedje. 

Grasrotandelen

Hovedsponsor

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products