Inkluderingskontakt - "Eit samfunn for alle"

Vil du bli inkluderingskontakt i Nordre Holsnøy IL? Torsdag 8.juni vert det "Kick-off" med Leo Ajkic for alle inkluderingskontaktane i Meland kommune. Ta kontakt på e-post: styret.nhil@gmail.com om du er interessert.

«Eit samfunn for alle»

Torsdag 8.juni arrangerer Meland Idrettsråd, Frivilligsentralen og kulturkontoret KICK-OFF arrangement for alle inkluderingskontaktane i kommune vår!


Ein inkluderingskontakt sine oppgåver:

Kontaktperson: svara på henvendelsar frå dei som ønskjer informasjon om aktiviteten.
Møta og visa rundt: ta i mot, vise fasilitetar og introdusere vedkomande til i klubben og vise dei rundt første gong dei kjem.
Introdusera: sørgje for kontakt mellom personar (eller pårørande/ tenester) og den rette personen/trenaren i din organisasjonen – og gjerne til andre slik at ein kjenner nokon.
Komme med idear: gjerne bringe idear til styret som gjer det lettare for dei som ikkje er med å bli med, og for dei som er nye å trivast og føle seg velkommen.



Les meir i skrivet du finn under "vedlegg". 

Håpar dette er noko nettopp du er interessert i! Ta kontakt med Nordre Holsnøy IL på e-post: styret.nhil@gmail.com

 

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products