Trimløype Kanalen - Våge

I samarbeid med Våge Grendautval, grunneigarar og Opplev Bømlo ynskjer styret i FSK å arbeide for realisering av ei trimløype a la Fét-løypa mellom Kanalen og Våge.

Representantar for laga har vore på søndagstur i relevante trasear. Gunnar Flatebø har teke på seg å vera primus motor i arbeidet med å finna omforeint trase ilag med grunneigarar, samt vidare arbeid. Svein Trygve Larsen er med i arbeidet som grunneigarkontakt, sjølv både grunneigar og FSK-patriot. Dette vil, dersom me lukkast, bli eit folkehelsetiltak til glede og gagn for heile Finnåsbygda!

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift