Presentasjon Daniel Gangeskar - Damelagstrener

Som ny trenar for damelaget til Sportsklubben Baune tykte eg det kunne gjere seg med nokre ord om meg sjølv. Mitt namn er Daniel Gangeskar, eg er nitten år og frå Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane.

Trass ung alder har eg erfaring frå trenargjerninga allereie. Dei to siste sesongane har eg vore assistenttrenar for eit herrelag i 6.divisjon, og før det var eg innom eit herrelag i 4.divisjon med forskjellige rollar. Til saman har eg i fire og eit halvt år vore involvert i seniorfotball og opparbeida meg erfaringar som eg vonar kan kome til nytte i Baune.

For meg verte Baune sitt damelag mi første utfordring som hovudtrenar, noko eg verkeleg ser fram til. Eg har stor tru på at eg skal få nokre flotte sesongar her i Baune, og vonar eg kan bidra positivt i utviklinga av ein flott klubb. 

For å gå framover i fotball må vi ha ambisjonar. For tida vil dei ambisjonane ligge i å stadfeste vår plassering som eit av dei betre laga i 4.divisjon, på sikt vil det ligge i å stadfeste vår stad som eit av dei betre kvinnelaga i vår region. 

Saman skal vi få det til og saman skal vi skape nye, strålande fotballaugeblikk.

Eg ser verkeleg fram til minst to år i Baune, og eg ser fram til å møte alle dykk som held denne flotte klubben kjær.

Hjartleg fotballhelsing,

Daniel Gangeskar,

Trenar for Baune damer

Grasrotandelen

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift