Nok ein gong glapp leiinga på slutten: Volda-Elnesvågen og Omegn 3-3.

Som i siste heimekamp leia Volda fortent då det stod att kvarteret av kampen. Då utlikna gjestane frå Elnesvågen til 3-3, som vart sluttresultatet. Volda leia 2-1 ved pause etter mål av Anders Heggen og Steffen Oksnes Elde. I andre omgang ga junior og seriedebutant, Magne Brobakke, Volda leiinga 3-2, men gjestane kom tilbake.
Tung avslutning av Volda men ingen fleire mål, det hadde dei fortent etter spel og sjansar.

Gjestane frå Romsdal starta friskast, men Volda hadde første sjansen då Vegard Hellebust storma gjennom forsvaret, men vart tiandedelen seinare på ballen enn keeperen til Elnesvågen før dei krasja i hop. I stadenfor straffe vart det då frispark og ein sår legg for målmannen. Gjestane prøvde å svare med ei heading, men heldigvis rett på ein opplagt Petter Aasen, som forøvrig var flink til å sweepe bak forsvarfiraren, og slik plukka mange farlege framspel. Men Volda ville også vere med på leiken, og kvarteret ut i omgangen tråkla Vegard seg gjennom på vestresida, la til Anders Heggen, som vakkert dro av eit par spelarar og sette ballen i lengste hjørnet. Og då Steffen Oksnes Elde nærast tuppa eit fint gjennomspel frå Magne Brobakke i mål, hadde heimelaget scora på to av sine tre sjansar så langt. Eit flott raid av Sondre Lutcke Lid frå sin høgrebackposisjon førte til eit farleg innlegg som, fortsatt den same, Vegard flikka halvmeteren på feil side av stolpen. Då var det faktisk litt surt at Elnesvågen reduserte ti minutt før pause, då Kai Sildnes stussa ein corner i mål, sjølv om det var nummeret før reprise på nok ein corner i det laga gjekk til garderobene.

Og der var tydlegvis tankane endå då andre omgang starta, i alle fall for ein uheldig Isak Husøy, som nærast ga vekk ballen til Kjetil Brudeset berre sekunder etter avspark. Brudeset lot seg ikkje be to gongar og utlikna med ein markkrypar under Petter Aasen. Og sjølv om Volda etterkvart tok over meir og meir av spelet, var det gjestane som hadde neste store sjanse då ein angripar kom seg heilt til dødlinja for ope mål, men heldigvis sette ballen i nettveggen. Det gjorde ikkje Magne Brobakke, etter Christoffer Bjerknes sitt flotte forarbeid der han på andre forsøket fekk lagt inn foran mål, og Magne kunne breiside ballen i det tome buret. Men berre eit par minutt seinare var det balanse i rekneskapen igjen, då Brudeset stakk hovudet fram på nok ein dødball og forlenga ballbana inn i nettmaskene. Unge Brobakke ville så gjerne bli "matchvinnar" og prøvde berre minuttet etter, men denne gongen stussa avslutninga ein forsvarar og fauk like over til corner. Etter nok eit Magne-skot, eit forsøk på brasse frå Terje Haugen Øye og ein mogleg hands i straffefeltet, ebba det heile ut, etter eit solid voldatrykk på slutten, med poengdeling. Trur nok Elnesvågen kan vere mest nøgd med det!

Det er mange plagar i A-stallen til Volda for tida, eit par soner kort, og fleire etablerte slit med skader. Då var det faktisk litt godt å sjå at ein kan spele jamnt og vel så det med Elnesvågen, som slo Sunndal heile 4-0 sist! For det var mykje "nytt" på laurdagens utgåve av A-laget. Både Jan Petter Mork og Magne Brobakke fekk sin debut frå start, der unge Brobakke frå Åheim var nummeret frå å bli "matcvinnar", etter ein solid kamp! Likevel var nok rutinerte Steffen Oksnes Elde nok ein gong Volda sin mest markante spelar, men han fekk god hjelp av unge Brobakke på midten. Framme var Vegard Hellebust midtspiss då kaptein Terje Haugen Øye starta på benken etter ei veke med sjukdom, og var ein konstant trussel for gjestane, særleg i første omgang. Men nettkjenning vart det ikkje denne gongen. Elles var det kjekt å sjå Hans Husøy tilbake i voldatrøya!
Ein kamp på det jamne for eit ungt voldalag, som skal heilt til Surnadal på laurdag til nok ei uviss og jamn batalje!? Lukke til!

FAKTA
Volda-Elnesvågen og Omegn 3-3 (2-1)
BANE: Volda stadion, kunstgras A
TILSKODARAR: ca. 60
DOMMAR: Even Myrheim, Emblem
MÅL: 1-0 Anders Heggen (14), 2-0 Steffen Oksnes Elde (29), 2-1 Kai Andre Sildnes (36), 2-2 Kjetil Brudeset(46), 3-2 Magne Brobakke (63), 3-3 Kjetil Brudeset (65)
LAGET: Petter Aasen, Sondre Lutcke Lid (Hans Husøy, 79.min), Isak Husøy, Rasmus Aarflot, Lars Johan Holsvik, Anders Heggen, Steffen Oksnes Elde, Magne Brobakke (Rune Haugen, 80.min), Jan Petter Mork (Terje Haugen Øye,73.min), Vegard Hellebust, Christoffer Bjerknes
MØREPOENG: Steffen Oksnes Elde 3, Magne Brobakke 2, Vegard Hellebust 1

Kommentarer