Besøk våre lagsider

Sesong 2017/18

Rutiner ved utleige av Trivselshallen til arrangement.
Generelt
Trivselshagen Bad og Idrett er Gloppen si storstove innan idrettsaktivitetar innandørs.  Forutan badeanlegg er det styrketreningsrom, turnhall, sprintbane, kastanlegg, klatrevegg, samt  storhallen og gamle Firdahallen.  I tillegg er det mogeleg å nytta to møterom som har fastmontert projektor.  All aktivitet i anlegget skal avtalast med dagleg leiar i god tid før bruk.  Leigetakar betaler husleige, fastsett av kommunestyret, som dekker oppvarma sal, lys, ventilasjon, garderobar med dusj, samt vask.
Rigging
Leigetakar/arrangør er ansvarleg for rigging av alt utstyr i samband med arrangement i anlegget.  Ved avtalt leige av TH skal leigetakar og ansvarleg utleigar av TH ha eit møte i forkant for å gå igjennom rutiner, og for leigetakar å bli gjort kjent med kva utstyr som er tilgjengeleg og inkludert i leige-avtala. Begge partar skal oppgje ansvarleg og tilstedeværande kontaktperson ved arrangementet. Trivselshagen skal vere behjelpeleg med å påvise/låse ut utstyr som skal brukast under arrangementet.
Rydding
Under arrangement skal leigetakar sjå til at det vert rydda i hall, på toalett, tribune og i garderobar.  Dette gjeld òg i etterkant av arrangement.
All mat og drikke i idrettshallane er forbode, og arrangør må passe på dette.  Unnateke er sjølvsagt drikke til dei aktive.

Nedrigging
Leigetaker/arrangør er ansvarleg for all nedrigg så snart mogeleg etter arrangement.  Saler/baner/lager skal vere slik dei var før arrangementet.  
Trivselshagen skal vere behjelpeleg med å låse inn utstyr som skal settast tilbake på lagerplass etter arrangementet. Trivselshagen skal, som eigar av hus og utstyr, bistå med nedrigging for å unngå uheldige hendingar.

Kiosk
Trivselshagen Bad og Idrett driftar eigen kiosk ved alle arrangement.  Ved større arrangemet der TH ikkje har kapasitet nok, kan det opnast for at arrangør kan ha 1 kiosk/kafe i tillegg.  Dette skal avtalast med dagleg leiar i god tid, og kiosken skal lokaliserast til området utanfor gamle Firdahallen.


Vaktmannskap
Arrangør må syte for at dei har mannskap som kan utføre oppgåvene ovanfor.  I tillegg må dei syte for parkeringsvakter utandørs, slik at trafikken av bilar ikkje er til hinder for utrykkingskøyretøy til TH.
Brannvakt
Trivselshagen har brannansvaret. Trivselshagen har ansvar for at retningslinene i brannplanen for huset blir følgd. Leigetakar skal stille med eit tilfredstillande tal vakter (1 pr 100 i hallen) slik det blir avtala med Trivselhagen under møtet i forkant av arrangementet. Trivselshagen sin oppnemnde kontakperson / ansvarleg skal gå igjennom Branninstruksen med leigetakar og leiar for vaktene.
Generelle rutiner ved bruk av Trivselshagen Bad og Idrett.
Storhallen/Kastbur/Sprintbane/Firdahallen.
Bruk og respektèr tildelt treningstid. Rydd opp etter bruk og hald orden på lager.  Husk å låse lager.
Turnhallen.
Bruk og respektèr tildelt treningstid. Rydd opp etter bruk.  Husk at ved all aktivitet i turnhallen, skal det vere person/trenar med godkjent sikringskurs tilstades.
Klatreveggen.
Alle som skal klatre/sikre skal registrere seg i resepsjon før klatring.  Alle som skal sikre skal ha godkjent brattkort.
Treningssenter.
Husk at alle skal «scanne» seg inn ved bruk av treningssenter.  Alle armband (årskort, halvårskort, dagskort) er personlege og kan ikkje nyttast av andre, eller til å sleppe andre inn med.  Rydd opp etter bruk.
Garderobar.
Etter avslutta økt, skal ansvarleg for gruppa som har nytta garderobe gå innom garderoba for å sjekke at der er ryddig.

STIL Handball sine sponsorar


 

STIL sine sponsorar


 

STIL Handball sine sponsorar

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products