Br. Haukås Mek. Verksted forlenga avtala!

Det er meg ei stor glede å meddele at vår gode samarbeidspartner Br. Haukås Mekaniske Verksted vil vere med vidare som Partner. Dei ser at vi har mange dyktige i sving for å kunne tilby barn og unge eit godt aktivitetstilbod. All honnør til alle som stiller opp både på treningsfeltet og i styrer og verv, saman driftar og vidareutviklar de tilbodet i den levande bygda vår! Les intervjuet med Kari Lise frå Brødrene Haukås under...

Sesongen 2017 i gang fo A-lag herrer

A-laget trener foreløpig mandager og torsdager kl 20.00-21.30 Nye spillere ønskes velkommen. Foreløpig kampoppsett for seriesesongen 2017 vedlagt her

VEIDEKKE er med vidare!

Veidekke Entreprenør AS forlenga denne veka si avtale med Falkeid IL, fram til og med 2018 er dei med som Partner. Eg tok meg ein prat med avdelingsleiar Bjørnar Måleng for å høyre kva som er deira motivasjon for å støtte oss og den fantastiske jobben alle våre frivillige legg ned for idrettstilbodet i bygda. Veidekke vil fortsatt vere godt synlege på blant anna treningsgensaren i klubbkolleksjonen og med skilt ved grasbana.

Murerfirma Tor Gismarvik med vidare!

Det er meg ei stor glede å kunngjere at vår gode partner Murerfirma Tor Gismarvik er med vidare som Partner. Dei skal fortsatt profilerast med skilt på idrettsanlegget og i 2017 vil dei verte godt synlege på trenarjakkene i vår nye klubbkolleksjon. Murerfirmaet har vert med som sponsor i Falkeid IL sidan 2009. Treng du murar? Kontakt dei på 41 37 71 08 eller på mur.gismarvik@gmail.com

Eirik Baugstø på FALKEID FFO

Vardspelarane Eirik Baugstø (21 år) og Arne Bjordal (20 år) er no klare til å ta fatt på jobben som trenarar på Falkeid FFO, i tillegg til dette, så fortsett vår eigen damespelar Stine Askeland (19 år). Det var Kolbjørn "Kolla" Fosen (utviklingsavsvarleg i FKH) som anbefalte dei to tidlegare Djerv og FKH-spelarane. Tema og opplegget på Falkeid FFO i vinter/vår er også utvikla i samarbeid med FKH, temaet skal vere: Kjappe bein, tekniske øvingar og småspel/turneringar på småmål. Det er fortsatt råd å melde seg på!

Avslutningskveld for A-laget

Fredag 16. desember avsluttet A-laget sesongen med Julemat på klubbhuset.

Klubbkolleksjonen for 2017 er klar!

Nytt av 2017, er at det er 2 kolleksjonar, Treningstøy og Representasjonstøy. Dette er for å ha meir å velge i, samt at foreldre og andre som ikkje nødvendigvis trenar i Falkeid IL, også kan ha noko å velje blant. Sjekk ut dei flotte nye kolleksjonane våre under. Og riktig god jul til alle saman! NB! Fargen på shortsane i oppsettet er blå, men dei skal vere kvite (dette vert retta på over jul).

Ildsjelprisen til Asbjørn Bakken!

Sparebankstiftelsen SR-bank hadde i kveld på seg spanderbuksene då dei generøst delte ut midlar til lag og foreiningar. I tillegg til dette, var det også utdeling av den gjevaste prisen, Ildsjelprisen. Som om ikkje dei utallige timane, dagane, ettermiddagane, kveldane og helgene Asbjørn legg ned for Falkeid IL, så fekk vi i kveld 25 000 kroner frå Sparebankstiftelsen SR-bank. Falkeid er utruleg heldige som har deg og ditt engasjement, Asbjørn! Vi set ufatteleg stor pris på jobben du gjer for at barn, unge og vaksne i Søre Tysvær har eit knakande godt idrettstilbod, samt alle tilreisande på dei store arrangementa våre.

Dato Hjemmelag Bortelag Res
21.02 Falkeid J16 1 Djerv 1919
21.02 Falkeid J16 1 Djerv 1919 J15 1
22.02 Falkeid G15 1 Kopervik G15 Gutter 2002 (1)
23.02 Nord SJ13 J-2004-1 Falkeid SJ13 1
23.02 Vard Haugesund DAMER A-Lag Damer Falkeid DAMER 1
18.02 Avaldsnes DAMER Rekruttlag Falkeid DAMER 1
16.02 Falkeid Etne IL
11.02 SK Vedavåg Karmøy Falkeid
09.02 Falkeid DAMER 1 Djerv 1919 DAMER 1 7-2
08.02 Falkeid G15 1 Nord G15 1 1-12
Spiller Alder Kamper Mål
Malene S 17 5 14
Frida Thy Narevik 14 4 5
Solveig E 17 6 4
Sander L 14 4 3
Even Bakken 15 4 2
Tomine V 22 2 2
Julie G 16 4 1
Enius H 14 4 1
Amalie I 18 3 1
Cristoffer Rabben Larsen 15 4 1

Generalpartnerane

Gull- og sølvpartnerar

Øvrige samarbeidspartnerar

Medlemsinformasjon

Kontortid dagleg leiar

Veke 6 (6 - 9 februar)

Måndag: 08 - 15.30

Tysdag:  08 - 15.30

Onsdag: 14 - 20

Torsdag:  08 - 12.30

 

Veke 7 (13 - 16 feb.)

Måndag:  08 - 15.30

Tysdag:   08 - 15

Onsdag:  14 - 20

Torsdag: 08 - 15.30

Falkeid IL arrangerer:

©2016 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products