IL Kvernbit

Jentesatsing

Jentesatsing

 

Jenter er eitt av tre hovudsatsingar i Noregs Fotballforbund sin handlingsplan 2017-2020.

Styret i Kvernbit har vedtatt å følgje dette opp med ei eiga jentesatsing i klubben.

I budsjettet for 2017, vart det sett av midlar øyremerkt til jentesatsingstiltak. Føremålet med desse tiltaka er å rekruttere fleire jenter og å halde på jentene, både til å spele fotball, og i roller som trenar, dommar og leiar.

Gjennom året, har vi hatt møte med jentelaga, og det vart i haust arrangert eit kosthaldsføredrag for jentene i ungdomsfotballen.

I august kick-starta jentelaga 11-13 år haustsesongen med ei treningshelg på Fossemyra - med stor suksess!

Vi vil halde fram denne satsinga også i 2018. 

J15-laget hadde våren 2018 ei treningssamling ved Strandebarm Sportell.

 

Ansvarleg for jentesatsinga i Kvernbit, er Ida Hartveit (idahartveit@live.no). Ta kontakt om du har spørsmål eller innspel til prosjektet.

Offisiell hjemmeside for Kvernbit IL

Fosseskarvegen 4, 5918 Frekhaug

leder(at)kvernbit.no

Tlf. 56175550

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift