Tjørvåg IL

MT-Cup

MT-Cup

Det er med stor glede Tjørvåg IL og generalsponsor Marin Teknikk AS inviterar til aller fyrste «MT-

Cup»!

 

Dato for arrangementet er laurdag 22. april 2017 og det er på Tjørvåg Stadion det skjer.

Fotballcupen er for jenter og gutar frå 6 til 12 år.
Det vil vere 3ar fotball for 6 års klassa, 5ar for 7 – 10 år og 7ar for 11 – 12 år.
Alle lag får spele minst 3 kampar, så her vert det mange sjangsar for å gi full innsats!
Kampane vil verte dømde av Tjørvåg IL sine eigne klubbdommarar. I likheit med spelarar, treng også disse kamperfaring for å verte betre.

Det er gått ut invitasjon frå Sunnmøre fotballkrets til alle laga på Sunnmøre og nærliggande lag i Romsdal og Sogn.
Vi håpar mange lag har lyst til å kome til Tjørvåg og gjere cupen vår til ei kjekk oppleving.

Påmeldingsfristen er satt til 19. mars 2017.
Kiosk er ei sjølvsagt ramme rundt alle fotballcupar og det vil det naturleg nok verte denne laurdagen også.
Forfriskningar kan betalast med kontatar eller Sparebanken Møre sin betalingsapp «Sping».

Tjørvåg Stadion ligg ved Stokksund skule. Det er gode parkeringsmogelegheiter i umidelbar nærheit av stadion.

Mellom kampane er det flott leikeområde på Stokksund skule og i den flotte aktivitetsparken til Tjørvåg IL.

Vi satsar på at veret viser seg frå si beste side. Om det mot formodning ikkje gjer det, er det mogelegheit for å trekke inn i gymsalen ved Stokksund skule og varme seg.
Dette vil vere ein flott start på fotballsesongen 2017 og alle deltakarar vert premierte. Finn invitasjon og meir informasjon på heimesida vår www.tjorvagil.no

Vi ynskjer velkomne til ein dag med glede, samhald og FairPlay på og utanfor bana!


Med helsing Tjørvåg IL

Tjørvåg Idrettslag © 2016

Spørsmål og generelle henvendelsar angåande heimesida skal sendast til:
admin@tjorvagil.no


www.tjorvagil.no

 

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products