Matningsdal Idrettslag

Historikk

Historikk




Fotballspelinga på Matningsdal tok til ei gong seint på 1920 talet eller tidleg på 1930 talet. Biletet over er teke på den tida.  Allereie då spela ein på Foran, ei dyrka myr under Hedlerfjedle på Matningsdal. Framover på 40 og 50 talet samla mykje folk seg om fotballen på Matningsdal. Både folk frå bygdå og utanbygds kom for å spela og sjå på, og det vert fortalt at jentene bruka å sitja på steinane ikring og kikka på mennene som spela. Ein av steinane vart til og med kalla jentesteinen etter dette. På frigjeringsdagen i 1945 samla ungomane i bygdå seg på Foran med norske flagg. I gledesrusen spela dei fotball heile kvelden. På grunn av krigen var det ikkje ball å oppdriva, så dei bruka ein ball av samanknytte filler og tøy.


Matningsdal sitt lag som spela kamp mot Undheim ei gong tidleg på 1950 talet.
Bak frå venstre: Alf Jensen, Johan Tjåland, Gabriel Sandve, Elias Herredsvela og Olaf Fjellheim. I midten frå venstre: Lars Herredsvela, Jens Gjersdal og Laurits Mattingsdal.
Framme frå venstre: Ivar Topdal, Jørgen Mattingsdal og Arne Andersen.

Særleg på 1950 og 60 talet bruka ein å reisa for å spela kampar mot andre lag i området. Både Undheim, Hellvik og andre lag fekk då besøk av Matningsdal. På 60 og byrjinga av 1970 talet hadde ein lenge fast trening kvar tirsdagskveld. Då som no samla treningane på Matningsdal ein 20 - 30 mann kvar gong. Johan og Terje på Øyestad hadde eigne treningsdrakter, der mora Olga Mattingsdal hadde sydd på Foran bak på ryggen. Tidleg på 1970 talet vart det slutt på fotballspelinga på Matningsdal, og bortsett frå litt speling når ungane var saman og leika, og ein fast tradisjon med fotballkamp på Øyestad kvar sankthans, vart det ikkje noko organisert aktivitet før i 2004 att. Då drog ein gjeng i gang å arrangera bygdadag med fotballkamp som hovedingrediens. Dette vart stor suksess, og Matningsdalslaget samla 20 mann på banen. Det var og over 100 mann og såg på. Fleire av dei gamle som sjølve hadde spela på Matningsdal i si tid, tykte at dette var like kjekt som i gamle dager. 

Sjølve om kampen vart tapt 8-10 gav dette meirsmak. Våren 2005 bestemde ein seg for å byrja med faste treninger på kjelvå nedanfor løå sjå Torfinn Tjåland, der og bygdadagen hadde vorte arrangert hausten før. Etterkvart drog treningane mykje folk og i løpet av det fyrste året var det over 30 mann innom på treningane, og 20 av desse var meir eller mindre faste. I mai 2005 samla ein seg sjå Lars Erik Matnisdal på Vigrestad. Då vart det fyrste styremøtet halde, og ein bestemde seg for å forsøka å melda laget inn i Idrettsforbundet, slik at ein kunne melda på eit lag i seriesystemet i 2006.

Etter ein lang kamp og to søknadsrunder vart me kalla inn til drøftingsmøte sjå Rogaland idrettskrets i januar 2006. Der kom det fram at vår søknad ville stå sterkare dersom me fekk avtale om bruk av godkjend bane allereie i år. Me forhøyrde oss så med fleire naboklubbar, og var så heldige at Eiger IL stillte kunstgrasbanen vår i Håla til disposisjon til vare heimekamper i 2006. Så, den 16 februar 2006 vart me endelig godkjende som lag og opptekne som medlem i Norges idrettsforbund, og kunne melda på eit 7 er lag til seriespill. Me fekk i løpet av våren avtale med Vigrestad IK om leie av bane til kampane våre for 2006 sesongen. Dette kom i stand på grunn av at me hjalp Vigrestad med å gå vakter i Kongeparken. Dermed spela me alle heimekampane våre på Vigrestad i 2006.

Før sesongen 2007 fekk me godkjent Kjelvå på Matningsdal, der laget hadde trena sidan 2004, som kamparena. Etter kva me veit, er dette den einaste Kjelvå i Rogaland, og kanskje Norge, som er godkjent som offisiell fotballbane. Dette har vore klubben sin heimebane sidan og har og vore fast stad for Bygdadagane sidan 2004

Skigruppa i nyare tid vart starta opp med barneskirenn på Matningsdal 11/2 2007.

Frå det første barneskirennet på Matningsdal i nyare tid 11/2 2007

Det har alltid vore eit godt skimiljø i bygda. Frå gammalt av gjekk ein på ski på jakt etter småvilt. Dette førde til at det var mange dyktige skiløpere i bygda frå gammalt av. På 60 og 70 talet, då det var fleire snørike vintre, dreiv ungdommane i bygdå og gjekk mykje på ski. Dei var ute kvar dag etter skulen, og hadde eigne rundløyper både på Øyestad om Engjatjødnå, og På Matningsdal. I desse åra hadde dei eigne skidager der dei gjekk på tid og tok skimerket. På 80 talet var spesielt Kjell Mattingsdal ivrig, og han med fleire var medlemmer i Gjesdal ski, der og ungane var aktive. Dermed var det mange gode krefter som stod klare for å føra videre gamle tradisjoner om skigåing i bygda då idrettslaget starta opp.


Frå 70 talet


Interessen for skøyter var også stor i bygda før. Her er et knippe skøyteløpere fra bygdp på trettesvatnet ca 1950.
 

Matningsdal IL
Matningsdal 70
4363 Brusand
www.matningsdal-il.no

 

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products