Fitjar Idrettslag

Turnering

Turnering

Invitasjon til kvar turnering kjem opp i terminlista etterkvart som dei nærmer seg. Påmeldingsfrist er typisk 3 uker før turnering. For å melde seg på, må ein vere medlem. Me snakkar om det på trening, og trenarane melder inn dei som skal på turnering i eit eige program. Det kostar under 100,- for kvar klasse ein stiller i. Ein kan stille åleine i singelkampar, ilag i double eller mixdouble. Totalt vil det ikkje koste meir enn 300,- for ein turnering for å delta. Rekning for dette blir sendt til klubben i ettertid.

Me reiser ilag i ein eller fleire biler til Bergen eller Haugesund. Det er lurt å ha med seg fleire shortser og drakter/t-shirter, litt frukt, niste og lommepenger til å kjøpe boller, vafler og brus. Det er ingen god ide å reise på turnering utan mat med seg. Nokre turneringer har kun kaker og brus på menyen.

Nokre håndklede er godt å ha med seg. Litt for å kunne tørke av seg svette under kampar, men også for å kunne dusje før me reiser heim. Det er lenge å sitte i bilen to - tre timar i svette treningsklede. Men det er opp til kvar enkelt om ein vil det!

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift