Fitjar Idrettslag

Møllesprinten

Møllesprinten

Fitjar IL - Orientering
inviterer til

«Møllesprinten»

Laurdag 09. september 2017

For 4.år på rad arrangerer Fitjar IL Midtfjelldagen. Her blir det o-løpet Møllesprinten og deretter motbakkeløpet "Først til Mølla" med start på

Fitjar Idrettspark. Begge løpa har målgang med mølle B12 på fjellet.

Folk kan ta buss eller bil opp for å sjå på den flotte utsikten og heia på løparane som kjem i mål i o-løpet og motbakkeløpet.

Der blir med andre ord mykje folk og god stemning i vindmølleparken denne dagen.

O-løpet og turklassen for motbakkeløpet startar kl. 11.00 og løpet med tidtaking startar kl. 13.00.

Det blir plassert ut bord og stolar, og me håpar på ein fin haustdag på Midtfjellet.

Frammøte

Ved mølle B12 på Midtfjellet
Merka frå Rimbareid, ca 1 km sør for Fitjar sentrum (FV545)

Parkering/transport

Langs vegen eller ved møller i nærleiken (inntil 10 min å gå).
Følg instruksjon frå vakter.
Det vil òg gå buss frå Fitjar kultur- og idrettsbygg kl. 11.30 - og buss ned att etter Motbakkeløpet.

Start

Beinatjørnsvarden (500 moh). 1300 meter og 100 meter stigning. 20min å gå.

Fri start mellom kl. 11.00 og 12.20

Løyper/klassar

Løype

Nivå

Lengd

Klassar

1

A

3.6 km

H17, D17

2

A

2.8 km

H15-16, D15-16, D50, H50

3

B

2.5 km

H13-14, D13-14, B-Open

4

C

2.4 km

D/H-12, C-Open

5

N

2.1 km

D/H11-12N, N-Open

Kart

Midtfjellet – gjeve ut i 2011, delvis revidert i 2014 og utvida i 2015 og 2017.
Målestokk 1: 7.500 i alle løyper

Terreng

Ope grovkupert fjellterreng

Påmelding

http://eventor.orientering.no/Events/Show/7556 innan onsdag 07.09.
T.o.m. 16 år + opne klassar: kr 60,-. F.o.m. 17 år: kr 120,-.

Etterpåmelding

På Eventor fram til fredag 08.09. kl. 20.00 eller på samlingsplass løpsdagen.
T.o.m. 13-16 år + opne klassar: kr 90,-. F.o.m. 17 år: kr 180,-.

Tidtaking/kontroll

EKT. Leigebrikke kr 25,- blir fakturert saman med startkontingent etter løpet.
Endring av brikkenr løpsdagen: kr 10,-

Premiering

Vandrepokal til beste herre- og dameløpar i løype 1

Det blir deltakarmedalje til alle.
Under 12år/N-Open: Premie til alle, 13-16 år: Premie til 1/3 av startande, 17 år og eldre: Premie til 1/8 av startande, B- og C-Open: Premie til vinnaren.

Sal

Salsbod med variert utval (brus, kaker, bollar, vaflar, kaffi, pølser m.m)

Barneparkering

Det blir ingen barneparkering pga korte løyper og fri start.

Vask

Ingen garderobe – våtklut

Løypeleggjar

Rolf-Atle Rolfsnes, rolfatle.rolfsnes@haugnett.no, tlf: 91 51 30 24

Løpsleiar

Geir Arne Isdahl, geirarne@fmvas.no

Overnatting

Fitjar Fjordhotell: http://www.fitjar-fjordhotell.no
Fitjar camping: http://www.fitjarcamping.no

Andre opplysningar

Det blir lause postbeskrivingar på start.

Facebook: https://www.facebook.com/midtfjelletdagen

Nettsider: http://fitjaril.no

 

Me ønskjer alle velkommen til eit spektakulært o-løp i Midtfjellet Vindpark.
Ta med heile familien og opplev noko nytt!

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift