Tjørvåg IL

Nyheiter

Nyheiter

VELKOMEN TIL TRIMGRUPPA!

 

Aktivitetar i Tjørvåg IL - Trimgruppa i 2018



FJELLTRIM MED TURBOK PÅ 13 TOPPAR:
Alle som skriv seg i boka vert med på ei trekking til
hausten. Du finn meir info om toppane under vedlegg. Topp nr 14 kjem i 2018.
 

FJELLTURAR/REBUSLØP/FAMILIEDAG I BEGGE BYGDENE:
Trimgruppa ønsker å arrangere felles aktivitet nokre gongar i året. Fyrste arrangement var «Skåla opp» og rebusløp i april 2018.


«TURSTIPROSJEKTET I MYRVÅG OG TJØRVÅG»:
er eit samarbeid mellom Tjørvåg Idrettslag, Myrvågtoppen grendalag og Myrvåg grendalag der vi merkar turstiar. Vi har til no merka ca 42 km med
sti. Under vedlegg finn du oppdaterte kart. Du finn også meir info om turane under Relaterte Nyheter til
høgre på sia her.

Følg oss gjerne på facebook gruppa vår. Der finn du meir informasjon om rutene: Til Topps med Tjørvåg IL : https://www.facebook.com/groups/1648047775411894/

Du finn også informasjon om turane på www.morotur.no , søk på Herøy.

 

DAMETRIM 2018:
Dametrim på Stokksund Skule vår og haust – 1 til 2 gongar i veka. (måndag / torsdag)
Vi trenar ca 1 time. Oppvarming, Sirkeltrening / Tabata med styrke og kondisjon, Uttøying/Avspenning

Er du interessert / vil vite meir så kan du legge deg til Facebookgruppa vår. «Dametrim Stokksund
https://www.facebook.com/groups/1460469340687278/
eller følge med på nettsia under Trim / Facebook til Tjørvåg IL.

Alle som deltek på dametrim må vere medlem i Tjørvåg IL - kontingent kr 200,- pr år.
I tillegg kjem treningsavgift. Denne vil variere med tilbodet.


GURSKØYA RUNDT PÅ SYKKEL:
Gurskøya rundt vert arrangert kvart år i samarbeid med dei andre IL på Gurskøya. Den vert arrangert
siste helga i august og IL bytta på å vere hovudarrangør. Tjørvåg IL har start ved Stokksund skule, der
det også er mogleg for ein stopp og litt å bite i. Ein vel sjølv kva bygd ein vil starte i. Kvart år vert det
trekt ut ein vinnar av ein sykkel/gåvekort. I tillegg er det lokale premiar som vert trekt. Løypa er ca 47
km lang. Meir info kjem når det nærmar seg datoen. I 2018 er det 35. gong løpet vert arrangert.

 

HAR DU LYST Å STØTTE ARBEIDET TIL TRIMGRUPPA/TURSTIPROSJEKTET?
Vi set pris på all støtte vi kan få. Ikkje alt kan gjerast med dugnad, derfor treng vi støttespelarar/sponsorar som gjer at vi kan fortsette arbeidet vårt bl.a med å merke fleire stiar, nye
turmål med kasse og vedlikehald.

VIPPS # 516938 Tjørvåg IL Trimgruppa
Konto nr: 3910 49 85142

OBS: Merk innbetalingane med «støtte trim»

Tusen takk til deg som vel å støtte oss. 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift