Fitjar Idrettslag

O-løp i Sunnhordland

O-løp i Sunnhordland

Fitjarkarusell

Alle lokale løp (18 stk) inngår i Fitjarkarusellen 2017, og me håpar at mange har tid og lyst til å delta på flest mogleg av desse. Her blir det ei nybyrjar-løype og ei litt vanskelegare.

Løpet ved Olstjødno tysdag 4. april er rankingløp for Sunnhordland i tillegg til Fitjarkarusell, men det er òg mogleg å springa onsdag 5. april.

Løpet tysdag 29. august er nybyrjarkarusell og sprintløp for Sunnhordland. Dette er òg Fitjarkarusell der du kan velja å springa tysdag eller onsdag.

Me prøver å lage enkle nybyrjarløyper, og det er flott om du har med foreldre eller andre som kan følgja deg rundt løypa dersom du er nybyrjar. Me stiller med instruktørar som kan forklare løypa på førehand og gi gode råd om korleis ein skal finna fram dersom nokon av postane ser litt vanskelege ut.

Etter løpet er det òg kjekt å diskutera kva ein har gjort, og eventuelt samanlikna tidene frå post til post.

Andre løp i Sunnhordland

Det vert sprintløp/rankingløp kvar tysdag i sesongen. Tid og stad står i bladet Sunnhordland måndag før løpet. Følg elles med på nettsida eventor.orientering.no, fitjaril.no og stordo.no for informasjon om løp og trening, samt terminlista i dette heftet. Bli òg med i facebook-gruppene til Fitjar Orientering og Stord Orientering.

Det er ingen startkontingent på løpa.

Påmelding:
Registrer deg som brukar på http://eventor.orientering.no dersom du ikkje har gjort det. Då kan du melda deg på desse løpa og andre løp i heile landet. Du kan òg sjå andre som har meldt seg på, og få informasjon og resultatlister frå løp.

Løyper og klassar:

Løype  Lengd Nivå Klassar 
A-Lang Ca 4.0 km A H15-16, H17, H40, H50, D17
B-Kort Ca 3.0 km B H13-14, D13-14, D15-16, D40, H60, H70, H-Open, D-Open
C-Kort Ca 2.5 km C H11-12, D11-12 H13-16C, D13-16C, H17C, D17C, D50, D60
N-Nyb. Ca 2.0 km N N-Open, H11-12N, D11-12N, H13-16N, D13-16N, H17N,  D17N

 

Her ser du aktivitetane våre framover. Du kan òg leggja denne googlekalenderen  Sjå aktivitetskalenderen vår.

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift