Fitjar Idrettslag

Stolpejakt og TurO

Stolpejakt og TurO

StolpejaktStolpejakt i Fitjar er ein gratis del av turorienteringsopplegget vårt. I 2017 blir det 19 postar i sentrum/Rossneset og 9 postar på Vestbøstad/Kalveid. Karta kan hentast i stativet ved Spar i Larsen-bygget, eller lastast ned frå nettet og skrivast ut.

Gå til: www.turorientering.no/fitjar og registrer deg som deltakar — dersom du ikkje har gjort det tidlegare. Her kan du registrere postane dine, halda oversikt over kor mange poeng du har og samanlikna med andre. Du kan òg skriva i bloggen om korleis turen var; vêr og vind, kor mange postar du var innom osv.

Her kan du òg kjøpa alle karta i turo-posen.

Den ordinære turo-posen kan kjøpast på MX Sport, Videoen, hotellet eller på nettet frå laurdag 25. mars 2017.

Då får du òg kart med enkle og familie-venlege postar i Selevik og Øvrebygda. I tillegg ligg det 8 enkle postar på Midtfjellet og 12 litt meir krevjande postar i terrenget rundt Tveitafjellet.

God tur!

 

 

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift