Fitjar Idrettslag

Orientering

Orientering

Bli med på stolpejakt,

turorientering og 

vanlege o-løp i 2018

 

Velkommen til ny O-sesong!                                                                                                                                                                        

Me satsar på å bruka store delar av vårsesongen i Rossneset, og

kjem til å ha ei stemplingsløype ved samlingsplass kvar gong. 

Me prøver òg på litt meir variert opplegg.

Start onsdagar kl. 1700 – 1730.

Me set opp ansvarlege for utlegging og innsamling kvar gong, og sender ut informasjon til tidlegare deltakarar i starten av mars.

Me kjem også i år til å leggja ned mykje arbeid for å kunna tilby turorientering, nybyrjarkurs, Finn fram-dag, Midtfjelletdag med Møllesprint og løp kvar onsdag – og eg håpar at mange vil finna vegen til arrangementa våre. Det ville vera fint om alle tidlegare deltakarar kan utfordra minst ein ny familie om å bli med på denne flotte familieaktiviteten?

TurO postane vert i år lagt ut i områda Øvrebygda/Surefjellet, Veksli/Svartasmoget og i Midtfjellet. Dei fleste av postane ligg lett tilgjengeleg langs skogsvegane.

Me kjem til å halda fram med Grøne løyper for alle i sentrum, Rossneset og på Kalveid/Vestbøstad.

Stolpejakta kjem i år til å bli oppgradert, slik at me også kan registrera postane ved hjelp av ein app på mobilen, og vert dermed også del av eit landsdekkande opplegg.

I år blir Finn fram-dagen i Rossneset 29. april, der me legg opp til quiz-løype, ulike aktivitetar og kiosk med sal av pølser i brød, kaker og saft m.m.

Midtfjelletdagen med Møllesprinten og motbakkeløpet «Først til mølla» er planlagt 8. september. Det er fjerde året me inviterer alle som har lyst til ein flott dag på fjellet, og har du lyst å prøva ei o-løype, er det berre å melda seg på. Kanskje me blir over 120 o-løparar denne laurdagen – som også i år blir ein del av ei o-samling for Fitjar, Stord og Odda.
I år er dette løpet også KM mellom og kretsranking.

Me har som i fjor poengsystem for kvart løp, der totalsummen avgjer kor stor premie du skal få på klubbkvelden i oktober. Her vil lokale løp på Fitjar gi 1 poeng, andre løp på Stord gir 2 poeng og løp utanfor øya gir 3 poeng.

Me håpar på å få fleire med på løp utanfor øya – gjerne med minibuss til Fjord-O i Haugesund og Odda 4.- 8. juli og DM i Myrkdalen 25. – 26. august. Det er òg mange andre kjekke løp i Hordaland og Nord-Rogaland som me må prøva å få med oss.

I Sunnhordland er det løp kvar tysdag heile sesongen, og me vil oppfordra fleire om å bli med på desse løpa. Ta gjerne kontakt med nokon for felles køyring – Spør om å få sitja på med nokon som skal, eller inviter nokon med deg om du likevel skal køyra.

Håpar å sjå deg igjen, og at du får ein fin og aktiv 2018-sesong på jakt etter o-postar.

Helsing Øyvind

 

Premieutdeling/Klubbkveld
Det blir klubbkveld onsdag 14.oktober, kl 17.30.

Program:

Høgdepunkt frå årets sesong,

Premieutdeling,

Pizza.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift