Stord Fotball

Jenteløftet

Jenteløftet

Jenteløftet hausten 2017

De kan no søkja om plass på jenteløftet frå Hausten 2017:

 

Jenteløftet er eit ekstra treningstilbod til jenter i 2.- 3.- og 4. klasse ved Leirvik- og Langeland skule. Treningane vert gjennomført like etter skuleslutt. Tysdagar kl. 12:00 . Det blir i løpet av året også arrangert helgesamlingar. 

Alle deltakarar betalar ein eigenandel på kr 350,- i månaden for å vera med på dette. Eigenandelen dekkar trenarutgifter, treningsutstyr, frukt som blir delt ut før og etter kvar trening og treningstøy til elevane. 

Målet med Jenteløftet er å skapa meir interesse for fotball blant jenter og at deltakarane skal ha det gøy på trening. Dette gjenspeiler seg i treningane med varierte øvelsar og balleikar. 

Treningane blir leia av Robin Øvrevik. Han vil også ha med seg fleire a-lagsspelarar og damelagsspelarar. 

Det er ikkje noko opptakskrav for å koma inn på jenteløftet. Her er det første-mann-til-mølla-prinsippet som gjeld. Me har framleis ledige plassar, så om du ynskjer å melde deg på, fyll ut skjema ved å trykke her

For spørsmål ta kontakt med Robin Øvrevik på tlf: 97132355 eller på e-post robin@stordfotball.no  

 

Kontor dagtid mandag - fredag: telefon 40466206

post@stordfotball.no

Postadressse: Postboks 619 - 5403 STORD

Besøksadresse: Vikahaugane 17 - Leirvik

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products