IL Solid

Politiattester

Politiattester

Alle som har verv som inneber eit avhengighets-/tillitsforhold med mindreårige eller funksjonshemma skal forevisa politiattest.

IL Solid har vedteke at alle som har roller rundt eit lag, verv i eit utval eller i styre skal forevisa politiattest.

For å søkja om politiattest treng du ei stadfesting frå Solid om at du har eit verv som gjer at du skal forevisa politiattest. Dette får du ved å senda fullt navn og personnummer, samt kva verv du har i ein e-post til  graa@hkraft.no

Du vil då få eit stadfestingsskjema i retur, dette skal du lasta opp når du søkjer om attest på https://www.politi.no/tjenester/politiattest/​

- Du loggar inn med "Min-ID", "Bank-ID", "Bank-ID på mobil" eller liknande.

- På "Kategori" og "Formål" velger du "Frivillige organisasjonar"

- Deretter velger du fila du mottok med stadfestingsskjema

- Trykk send søknad
 

Når politiet har behandla søknaden, vil den enkelte få attest tilsendt.

Denne skal så forevisast, ikkje leverast, til underteikna som registrerar at attest er forevist.

Dersom du ynskjer det kan attesten sendast til meg på e-post. Alle e-postar og skjema med ditt personnumer på, blir sletta etter at politiattesten er forevist.

 

 

For spørsmål angåande politiattestar kontakt ansvarleg for politiattestar i Solid fotballgruppa:

Geir R. Aasheim, mobil 97556140, e-post graa@hkraft.no

 

IDRETTSLAGET SOLID   |  Stifta 25. august 1945
Postboks 74, 5410 Sagvåg

Medlem av: Norges Idrettsforbund, Norges Fotballforbund, Norges Håndballforbund, Norges Orienteringsforbund,
Norges Svømmeforbund, Norges Gymnastikk- og Turnforbund

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products