Tjørvåg IL

Kontigent / treningsavgift

Kontigent / treningsavgift
VEDLEGG
Vis fil Kontigent 2018.pdf
RELATERTE NYHETER
Fotballforsikring

Kontigent

Kontingent aktiv kr. 500,-
Kontingent støtte søsken/foreldre/føresette til aktiv kr. 100,-
Kontingent støtte kr. 200,-
Kontingent trim kr. 200,-

Treningsavgift
A-lag kr. 1500,-
Ungdomslaga 13-19 år kr. 1000,-
Barnelaga 5-12 år kr. 600,-
Trim (avhengig av kva for tilbod ein vel) min. kr. 100,-

Alle aktive må betale både kontingent og treningsavgift.
Begge må vere betalt for at spelaren kan få spele kampar.


Døme:
Spelar i barneklassene: 500 kr + 600 kr = 1100 kr
Spelar i ungdomsklasse: 500 kr + 1000 kr = 1500 kr
Spelar på seniorlag: 500 kr + 1500 kr = 2000 kr
 

Klubbpakken i 2018 inneheld sports t-skjorte for dei som betaler kontingent aktiv.

Ved at Tjørvåg IL legg bekledninga inn i medlemsavgifta klarer vi å få ein betre pris
enn om kvar enkelt skulle handle desse plagga (sjølv om medlemmane får 20%
avslag). Det vert hundrelapper å spare for kvar spelar.

PS! Ein spelar som spelar på to lag, skal betale for den lavaste klassa.
T.d. G12 spelar som også spelar på G13 skal betale for 12 års klassa.

Alle aktive må vere registrert i Min idrett.

Alle som betalar medlemskap utanom aktive vil bli lagt inn i min idrett.
Alle som er registrert som medlem skal sendast kontingent året etter.
Medlemskap blir avslutta ved misleghald av betaling eller ved at medlemmet sjølv
avsluttar sitt medlemskap.

 

Vi oppmodar alle foreldre og bygdafolk om å vere støttemedlemmar i
idrettslaget.
Minner om at kun betalande medlemmar har stemmerett på årsmøtet.
 

For å kunne verte forsikra gjennom’ Fotballforsikringen’, som idrettslaget betalar, må
ein ha betalt kontingent.

 

FRIST FOR AKTIVE FOTBALL: 1.APRIL 2018

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift