IL Solid

Håndboka

Håndboka
RELATERTE DOKUMENTER
Håndboka

Håndboka i Solid fotball legg føringar for all drift av klubben.

Solid fotball sitt mål er at det ikkje skal vera tilfeldig kva tilbud spelarane får i klubben vår. Me skal ha eit likevedig, trygt, positivt og tilpassa tilbud til alle.
 

Håndboka skal legga til rette for at alle trenarar får dei same forutsetningane for å gjere ein god jobb med spelarane våre.

Dette krev at kvar enkelt trenar og oppmann har eit heilhetlig syn på, og respekt for Solid fotball sine overordna verdiar, organisasjon og verkemidler.

Solid fotball har som målsetning at gjennom den jobben trenarar, oppmenn, dommarar, leiarar og foreldre gjer, kvar dag,

så bidrar ein til at Solid fotball blir ein viktig premissleverandør for eit godt oppvekstmiljø i vårt nærmiljø Sagvåg og Litlabø.


Vinteren 2011 / 2012 har det pågått ein verdi- og holdningsdebatt i idrettslaget Solid.

I samband med dette arbeidet, har Solid fotball gjennomgått og revidert håndboka.

Dette har vore ein demokratisk prosess, over eitt år, der alle har fått mulighet til å delta og komme med innspel.

Håndboka blei sist vedtatt på årsmøtet i Solid våren 2012.

Håndboka i Solid fotball skal vera eit "levande dokument" som til ein kvar tid skal legga føringar for korleis dagens klubb skal drivast.

Revidering av håndboka skal derfor vera sak på alle årsmøter.

Forslag til endringar må vera skriftleg levert til styret seinast 1 veke før årsmøtet.

 

 

IDRETTSLAGET SOLID   |  Stifta 25. august 1945
Postboks 74, 5410 Sagvåg

Medlem av: Norges Idrettsforbund, Norges Fotballforbund, Norges Håndballforbund, Norges Orienteringsforbund,
Norges Svømmeforbund, Norges Gymnastikk- og Turnforbund

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products