Nyhetsarkiv
10.10.2017 Vellukka opning på Vinterkarusellen
Tysdag 10. oktober gjekk det fyrste av åtte løp i Vinterkarusellen av stabelen. 64 deltakarar stilte til start. Sjølv med regn i lufta, var det ganske bra då løpet pågjekk. Sjå resultat nedanfor.
Johannes Skogseide Børsheim
09.10.2017 Haustprogrammet til barneidrettsgruppa er klart.
Barneidrettsgruppa startar opp onsdag 18. oktober. Den dagen er det aktivitetar i idrettshallen. Programmet utover hausten fram til jul, er synt nedanfor.
Johannes Skogseide Børsheim
08.09.2017 Sesongens siste friidrettstemne onsdag 13. sept. kl 18
Fyrstkomande onsdag er det klart for sesongens siste stemne. Det er påmelsing frå kl 17 og den må vera ferdig kl 1745. Det er gratis å delta og det er premiering. Øvelsane er synte nedanfor. Velkomen!
Johannes Skogseide Børsheim
29.08.2017 Vellukka Strandadalsløp
Det årlege Strandadalsløpet vart arrangert laurdag 26. august. Det var som vanleg kort- og lang løype. Dette året vart det fint ver, og deltakinga var bra. Resultat er synt nedanfor.
Johannes Skogseide Børsheim
23.08.2017 Terminliste for fotballkampane i haust
Fotballen rullar etter sommarferien, og terminlista for laga er klar. Nedanfor er det synt oversikt over heimekampane til laga i Strandebarm Idrettslag. Møt opp og heia. Det er fine faselitetar for fansen og det er open kiosk på alle kampane.
Johannes Skogseide Børsheim
23.08.2017 Datoar for Vinterkarusellen
Fyrste løp i Vinterkarusellen er tysdag 10. oktober kl 19 ved Strandebarm Idrettspark. Løypa er den same som før om åra, 4 km lang med start og mål på Idrettsparken, vending på Børsheim like utanfor Strandebarmheimen. Nedanfor er synt datoane for årets karuelløp.
Johannes Skogseide Børsheim
23.08.2017 Resultat frå friidrettstemne onsdag 23. aug. kl 18
Onsdag 23. august gjekk det fyrste friidrettstemnet etter ferien av stabelen. Det var flott ver og mange fine prestasjonar. Mange rekruttar deltok med stor iver på 60m og i lengde. På 100m vart det ny pers på Ole Marcus Løkhammer.
Johannes Skogseide Børsheim
18.06.2017 Bestemannspremiar HFF 2017
Nedanfor er synt oversikt over bestemannspremiar. Der finn du namn, klasse, resultat, poeng og vinnarpremie.
Johannes Skogseide Børsheim
17.06.2017 Resultat Hardanger Friidrettsfestival
Hardanger Friidrettsfestival er unnagjort. Nedanfor er synt resultat frå festivalen.
Johannes Skogseide Børsheim
15.06.2017 Startlister og klubblister Hardanger Friidrettsfestival
Nedanfor er synt startlister og klubblister. Trykk på ikona til høgre på sida
Johannes Skogseide Børsheim
14.06.2017 Tidsskjema Hardanger Friidrettsfestival
Hardanger Friidrettsfestival nærmar seg, og vert avvikla komande helg, 17.-18. juni. Tidskjema finn ein nedanfor. Dei ligg også vedlagt under ikona til høgre på denne sida.
Johannes Skogseide Børsheim
07.06.2017 Bli med på idrettsmerkeprøvar tysdag 20. juni
Tysdag 20 juni kl. 18 er det klart for idrettsmerkeprøvar på Strandebarm Idrettspark. Her får ein prøve seg i både løp, hopp og kast etter ulike kriteriar. Måla som er sette, er tilpassa aldersgruppene. Det vert også idrettsmerkeprøvar tysdag 15. august kl. 18
Johannes Skogseide Børsheim
19.05.2017 Hardanger Friidrettsfestival 17.-18. juni
Midt i juni er det igjen klart for Hardanger Friidrettsfestival. Det vert full fart laurdag og sundag med øvingar frå rekruttar til veteranar. Dessutan vert det fleire eliteøvingar, der ein håpar på sterk deltaking med gode resultat.
Johannes Skogseide Børsheim
19.05.2017 Vel møtt på friidrettstemne onsdag 24.mai kl 18
Onsdag 24. mai kl 18 vert det friidrettstemne på idrettsparken. Sjå øvelsesutval nedanfor. Påmelding er frå kl 17. Ein bør freiste å ha all påmelding ferdig innan kl 1745, slik at stemnet kan byrja til oppsett til kl 17.
Johannes Skogseide Børsheim
15.05.2017 Fjelltrimmen er igang.
Alle toppane, med unntak av Tveitakvitingen, har no fått utplassert fjelltrimbøkene. Dei seks toppane er altso Grånut, Daurmålseggi, Kråkenos, Haukåsfjellet, Fagrafjell og Vesoldo. Det kjem også bok på Tveitakvitingen litt seinare. Uansett so må ein truleg nytte ski når ein skal utplasere fjelltrimboka der. Det er framleis masse snø i området.
Johannes Skogseide Børsheim
15.05.2017 Trimbøkene er på plass
Det er vår, og idrettslaget har utplassert trimbøkene igjen på dei kjende stadane. Gå ein tur, og notèr namnet ditt i ei av bøkene. Nedanfor er synt oversikt over trimbøkene.
Johannes Skogseide Børsheim
20.04.2017 Mange rekruttar på friidrettstemne onsdag 26. april
Onsdag 26. april gjekk sesongens fyrste seriestemne på idrettsparken av stabelen. Det var helst god deltaking og mange fine prestasjonar.
Johannes Skogseide Børsheim
13.04.2017 Aktiv helg i Strandebarm 5.-7. mai
Kom og bli med på gratis, styrkande og pulserande aktivitetar i idrettshallen, utandørs og til vanns, samt spinning i Skjering helga 5.-7. mai. Sundagen er det tur til Klepp. Sjå detaljert info nedanfor.
Johannes Skogseide Børsheim
08.03.2017 Resultat NM Terrengløp i Strandebarm 1.-2. april 2017
NM Terrengløp i Strandebarm 1.-2. april er gjort unna. Det vart eit fint mesterskap, med mange gode prestasjonar. I seniorklassen var det Lene Selen og Marius Vedvik som vann gullmedaljane. På sundagen var det Gular som vann stafetten for herrar og Strindheim som vann for kvinner. Klikk på link for å sjå resultat. Viser elles til eqtiming.no og kondis.no for resultat og bilete.
Johannes Skogseide Børsheim
07.03.2017 Siste løp i årets vinterkarusell
Det åttande og siste løpet i årets vinterkarusell vart arrangert tysdag 7. mars. Femti deltakarar var med totalt, og etterpå var det premieutdelig på skulen.
Johannes Skogseide Børsheim
15.02.2017 Ove`n vann og vann på Vinterkarusellen
Torill Kveberg var fyrste kvinna i mål på 7. løpet i Vinterkarusellen. Ove Måge vann hovudpremien på kr 500,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund, og han var òg fyrste mann over målstreken i den fine februarkvelden.
Johannes Skogseide Børsheim
10.02.2017 Mildver på vinterkarusellens sjette løp
Det var mildt i veret og turre vegar då sesongens sjette vinterkaruselløp gjekk av stabelen 21. januar. Over femti trimmarar stilte til start denne kvelden.
Johannes Skogseide Børsheim
09.02.2017 Årsmøte måndag 6. mars kl. 1900 på Strandebarm Sportell
Årsmøtet vert på sportellet måndag 6. mars kl 1900. Det vert vanlege årsmøtesaker. Matøkt. Sjå detaljar nedanfor.
Johannes Skogseide Børsheim
03.01.2017 Vinter på Vinterkarusellen.
So kom vinteren til vinterkarusellen. Tysdag 3. januar la over femti løparar i veg ut i den fire kilometer lange løypa i godt snøver. Sondre Svåsand Måge og pappa Lars Måge (bilete) var som vanleg på startstreken.
Johannes Skogseide Børsheim
14.12.2016 God deltaking på julaløpet på vinterkarusellen
På Luciadagen 13. desember vart sesongens fjerde vinterkaruselløp arrangert. Deltakinga var god, stemninga var på topp og nissen var på plass.
Johannes Skogseide Børsheim
22.11.2016 Tredje løp i vinterkarusellen i fint løpsver
Tredje løp i vinterkarusellen vart unnagjort tysdag 22. november i mildt opplettsver. Det var altso fine forhold og god deltaking. 55 deltok denne fine novemberkvelden. Det var deltakarar frå Hatlestrand og Eikelandsosen til Øystese.
Johannes Skogseide Børsheim
01.11.2016 Basar sundag 20. november kl. 16
Sundag 20. november vart idrettslagets årlege basar avvikla på Strandebarm skule. Det var godt oppmøte og god stemning og mange fine gevinstar.
Johannes Skogseide Børsheim
01.11.2016 God deltaking på andre løp i Vinterkarusellen
Tysdag 1. november gjekk det andre løpet i årets vinterkarusell av stabelen. 55 deltakarar trimma saman denne fine novemberkvelden.
Johannes Skogseide Børsheim
17.10.2016 Vinterkarusellen fyrste løp 11. oktober.
So er allerede fyrste løp i årets karusell unnagjort. Ei stor mengd trimmarar unnagjorde dei fire kilometerane i flott haustver tysdag 11. oktober. Det var deltakarar frå Øystese til Ølve. Resultatliste sjå nedanfor.
Johannes Skogseide Børsheim
17.10.2016 Symjinga startar i symjehallen måndag 17. oktober
Aktivitetane i symjehallen på ettermiddag og kveld startar no opp att. Sjå detaljarnednafor. Plakaten er også gjengjeven i vedlegget til høgre på denne sida.
Johannes Skogseide Børsheim
03.10.2016 Handballen har starta opp haustsesongen.
Handballen trillar i idrettshallen igjen, treningane er i gang for borna på måndagar og dei vaksne på tysdagar. Sjå detaljar nedanfor.
Johannes Skogseide Børsheim
15.09.2016 vellukka fotballcup i Strandebarm laurdag 24. september
Det vart ein vellukka minicup i fotball på Strandebarm Idrettspark denne dagen. Fem banar vart brukte, og når alle vart nytta var altso heile ti lag i sving samstundes. Det var G-7 og G-10 lag frå alle delar av Kvam som stilte opp. Arrangørklubben stilte med fleire lag. Det heile vart ein flott fotballfest. Til og med veret var ganske ok denne dagen.
Johannes Skogseide Børsheim
15.09.2016 G-13 spelar fotballkamp torsdag 15. sept. kl 1830
Torsdag 15. september møter G-13 laget til Strandebarm vossalaget Eldar på Idrettsparken. Desse spelar 9àr fotball. Møt fram og hei på spelarane. Det er gode vermeldingar, og elles er kiosken som alltid open under kampen. Vel møtt!
Johannes Skogseide Børsheim
15.09.2016 Vinterkarusellen 2016/17
Vinterkarusellenn startar opp tysdag 11. oktober kl 19 på Strandebarm Idrettspark i den 4 km lange løypa. Dette er perfekt trim for å halde seg i form. Det er åtte løp gjennom vinteren, tredjekvar tysdag kl 19. Datoane er synte nedanfor.
Johannes Skogseide Børsheim
12.09.2016 Friidrettstemne måndag 12. september kl 18
Måndag 12. september er det klart for nytt friidrettstemne på idrettsparken. Det er påmelding frå kl 17-1745, og det er som vanleg gratis å delta.
Johannes Skogseide Børsheim
24.08.2016 G-13 kamp torsdag 25. august
Fotballkampane er i gang att etter ferien. Torsdag 25 august kl spelar G-13 heimakamp mot Tertnes frå Åsane kl 1830. Terminlista med alle heimakampane ligg nednafor og er også å finne på "Fotball" under "Våre idrettar". På heimakampane er det også høve til å kjøpe vaflar, kaffi, brus og is i kiosken på idrettsparken. Vel møtt.
Johannes Skogseide Børsheim
24.08.2016 Strandadalsløpet 27. august kl16
Laurdag 27. august kl 16 er det igjen klert for Strandalsløpet. Det er to løyper å velje mellom; 2,9 km og 5, 7 km.
Johannes Skogseide Børsheim
19.06.2016 Bestemannspremiar Hardanger Friidrettsfestival
Det var mange sterke resultat under friidrettsfestivalen. Nedanfor er synt vinnarane av bestemannspremiane. Trykk på pdf-fila til høgre.
Johannes Skogseide Børsheim
18.06.2016 Resultat Hardanger Friidrettsfestival 2016
Nedanfor er synt resultatlister frå friidrettsfestivalen, i pdf format. Trykk på pdf-filene til høgre.
Johannes Skogseide Børsheim
17.06.2016 Startlister
Startlister (ikkje fullstendige). ligg nedanfor som pdf-fil. KLikk på pdf-linken venstre.
Johannes Skogseide Børsheim
14.06.2016 Oppgradert tidskjema for Hardanger Friidrettsfestival
Tidsskjemaet for friidrettsfestivalen 18.-19. juni er oppgradert litt nokon stader grunna stor etterpåmelding. Komplett tidsskjema pr no ligg nedanfor. Det vert teke forbehald om at det kan kome mindre endringar.
Johannes Skogseide Børsheim
13.06.2016 Bli med på Fjelltrimmen
Strandebarm ILs populære fjelltrim er i gang. Det er bøker til å skriva seg inn i på alle dei sju fjelltoppane. Fo rå gjennomføra Fjelltrimmen, må ein vitja minst fem av dei sju fjella.
Johannes Skogseide Børsheim
24.05.2016 Hardanger Friidrettsfestival 18.-19. juni
Friidrettsfestivalen vert arrangert 18.-19. juni. Det vert konkurransar heile helga, med folkefest spandert av Lingalaks på laurdagen.
Johannes Skogseide Børsheim
24.04.2016 Stemne måndag 25. april kl 18
Det er klart for sesongens fyrste friidrettstemne på Strandebarm Idrettspark. Måndag 25. april kl 18 startar tevlinga. Det er opent for alle klassar frå rekrutt til veteran. Påmeldinga er frå kl 1700-1745, og det er maks tre øvelsar pr. deltakar og det er gratis å vera med. Som vanleg er det open kiosk. Øvelsesutvalet er synt nedanfor. Vel møtt !
Johannes Skogseide Børsheim
13.04.2016 Fotballkamp G13 torsdag 14. april kl kl 1830
Torsdag 14. april kl 1830 sesongdebuterte G13-laget på Strandebarm Idrettspark. Dei spelar 9àr-fotball. Kampen mot Bulken enda med 9-4 siger til Strandebarm.
Johannes Skogseide Børsheim
13.04.2016 Friidrettstreningar onsdagar kl 18
Onsdagar kl 18 er det friidrettstrening for born og ungdom frå 1. klasse og oppetter. Treninga er på Strandebarm Idrettspark.
Johannes Skogseide Børsheim
17.03.2016 Dommarkurs i friidrett
Det vert kurs i friidrettsdømming laurdag 9. og sundag 10. april på Strandebarm Sportell.
Johannes Skogseide Børsheim
06.03.2016 Kakefest på Vinterkarusellen
Tysdag 8. mars gjekk siste karuselløp denne sesongen av stabelen. Det var ganske fine forhold, med opplettsver utan vind. Knappe femti deltakarar stilte til start. Etter løpet var det karusellavslutning i kantina på skulen med kake og kaffi og brus i anledning 20-årsjubilèet.
Johannes Skogseide Børsheim
06.03.2016 Vellukka skirenn på Åse onsdag 9. mars kl 18
Det vart eit vellukka skirenn på Åse den 9. mars. Forholda var svært fine, og det var god deltaking blant borna.
Johannes Skogseide Børsheim
15.02.2016 Nesten rekord på vinterkarusellen
Tysdag 16. februar gjekk sesongens nest siste vinnterkaruselløp av stabelen. Det var fin temperatur og plussgrader, men litt sur vind. Likevel var Bjørnar Sandnes Lillefosse berre fem sekund bak sin eigen løyperekord.
Johannes Skogseide Børsheim
26.01.2016 Årsmøte tysdag 1. mars
Tysdag 1. mars vart årsmøtet i Strandebarm Idrettslag unnagjort på Strandebarm Sportell.
Johannes Skogseide Børsheim
26.01.2016 Karusellen rulla vidare tysdag 26. januar
Tysdag 26. januar vart det sjette løpet i årets karusellsesong arrangert. Det var litt regn, men behageleg temperatur og bàre vegar. Det vart ein fin trimkveld.
Johannes Skogseide Børsheim
29.12.2015 God jul og godt nytt år til alle !
Strandebarm Idrettslag ynskjer alle sine medlemmar og alle andre ei god jul og eit godt nytt år !
Johannes Skogseide Børsheim
29.12.2015 Vinterkaruselløp tysdag 5. januar kl 19
Tysdag 5. januar kl. 19 var det klart for årets fyrste vinterkaruselløp i Strandebarm. Over seksti trimmarar stilte til start i den klare januarkvelden. Det var turre og fine vegar.
Johannes Skogseide Børsheim
15.12.2015 Jul på Vinterkarusellen
So kom vinteren og jula til Vinterkarusellen. Tysdag 15. desember gjekk årets fjerde løp av stabelen i kaldt og klårt vinterver.
Johannes Skogseide Børsheim
30.11.2015 Siste bading 10. desember. Helgebadinga flyttar til sundagen
10. desember vert siste dag med open symjehall før jul. Etter nyttår startar badinga oppatt 11. januar. Nytt for året vert at det ikkje vert bading om laurdagane, men bading om sundagane kl 13 - 15. Velkomen !
Johannes Skogseide Børsheim
25.11.2015 Tredje løp i vinterkarusellen i mildt regnver
Sesongens tredje vinteraruselløp gjekk av stabelen tysdag 24. november på idrettsparken. Etter nokre dagar med kulde, var det igjen blitt mildt.
Johannes Skogseide Børsheim
24.11.2015 Ny utgåve av Klar Bane
Idrettslagets eige blad Klar Bane kjem snart til ein postkasse nær deg.
Johannes Skogseide Børsheim
24.11.2015 Vellukka basasa sundag 22. november
Idrettslagets årsvisse basar vart arrangert sundag 22. november. Det vart ein kjekk basar med mange blide folk og fine gevinstar.
Johannes Skogseide Børsheim
03.11.2015 Ove`n med ny pers., Emma fyrst i mål igjen
Sesongens andre vinterkaruselløp vart eit kjempefint arrangement, med heile 86 trimmarar i sving i den milde novemberkvelden. Ove Måge sprang sitt beste karuselløp nokonsinne. Unge Emma Skjelbreid Poiree var fyrste kvinne i mål for andre gang denne hausten.
Johannes Skogseide Børsheim
15.10.2015 Flott start på ny karusellsesong
Tysdag 13. oktober vart fyrste løp i sesongens vinterkarusell arrangert. Det var masse folk, flott ver og god stemning.
Johannes Skogseide Børsheim
12.10.2015 Badinga startar opp måndag 12. oktober
Symjehallen opnar no att for bruk utanom skuletid. Fyrste badinga vert måndag 12. oktober. Nedanfor er synt heile oversikten for bruken av hallen.
Johannes Skogseide Børsheim
08.10.2015 Vinterkarusellen startar på tysdag 13. oktober.
Det er endeleg klart for ny vinterkarusellsesong. Fyrste løp går på fyrstkomande tysdag 13. oktober klokka 19. Vel møtt!
Johannes Skogseide Børsheim
01.10.2015 God innsats i Stoltzekleiven
Utøvarane frå Strandebarm gjorde ein god innsats i Stoltzekleiven Opp i Bergen siste helga i september. Bjørnar Sandnes Lillefosse kopierte tida si frå i fjor på 8,45 og vart nummer seks av dei totalt som stilte til start.
Johannes Skogseide Børsheim
24.09.2015 God deltaking på fotballcupen i Strandebarm.
Laurdag 26. september vart det arrangert fotballcup på Strandebarm Idrettpark. Laga kom frå Ålvik, Øystese, Norheimsund og arrangørklubben Strandebarm.
Johannes Skogseide Børsheim
15.09.2015 Heimekamp for G12 mot Søre Neset sundag 27. sept. kl 1330
Heimekampen for G-12 mot Søre Neset vert spela sundag 27. september kl 1330. Allerede dagen etter; måndag 28. september kl 1730, spelar G12-laget neste heimekamp. Det vert mot Tysnes/Njardar. Møt fram og heia. Det er som vanleg open kiosk under kampane.
Johannes Skogseide Børsheim
15.09.2015 Sterkt KM av Tor Armand
Tor Armand Olsen oppnådde mange fine resultat under kretsmeisterskapet på Husnes helga 12.-13. september, og henta heim fleire medaljar.
Johannes Skogseide Børsheim
10.09.2015 Vinterkarusellen 2015-16
Vinterkarusellen startar opp tysdag 13. oktober kl 19. Alle løpa går som før på tysdagar kl 19. Nedanfor er synt alle datoane for sesongens karusell.
Johannes Skogseide Børsheim
08.09.2015 Friidrettstemne måndag 14. september
På sjølvaste valdagen 14. september vart det siste av årets utandørs friidrettstemner arrangert. Det var opplettsver og fine konkurranseforhold. Gladeleg var det at ein del Stend-elevar som er deltok. Dei er for tida på treningsleir på sportellet.
Johannes Skogseide Børsheim
07.09.2015 Aerobictreninga startar oppatt måndag 7. september.
Aerobictreninga er i gang igjen. Treninga er måndagar kl 20:00-21:15 på Strandebarm Skule. No har ein òg fått på plass flunkande nytt musikkanlegg og mikrofon!! :) Kom og bli med på kjekk trim. Aerobic høver godt for både kvinner og menn, uansett nivå.
Johannes Skogseide Børsheim Friidrett
07.09.2015 Fotballkamp J16 onsdag 9. september
Onsdag 9. september spelar jenter16-laget heimekamp mot Harding. Kampen er flytta fram frå komande laurdag.
Johannes Skogseide Børsheim Fotball
03.07.2015 Ny hjemmeside
Strandebarm IL har valgt hjemmeside fra 123klubb
Johannes Skogseide Børsheim

Strandebarm Idrettslag
Tangeråsneset 18
5630 Strandebarm

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products