Nyhetsarkiv
19.05.2018 Det er no det gjeld!
Sandane har hatt ein strålande inngang på 2018-sesongen, og står utan tap etter tre spelte kampar. I dei komande kampane vil vi få svar på viktige spørsmål. Andre pinsedag spelar STIL borte mot Bjørn.
Svein Kristiansen Fotball
16.05.2018 Margot kom igjennom nålauget: UEFA B-LISENS!
Denne veka kom meldinga til STILs klubbkontor: Margot Meling Nesgård er godkjent som UEFA B-trenar! Ho blir den første kvinnelege trenaren i STIL med UEFA B-lisens. Margot har gjennom åra brukt mykje tid som fotballtrenar i STIL, og det siste året har det vorte endå meir.
Svein Kristiansen Fotball
09.05.2018 Høyang kjem til Sandane
Fredag kveld møtest Sandane og Høyang til det vi trur blir eit durabeleg oppgjer i Sandane Idrettspark.
Svein Kristiansen Fotball
06.05.2018 Selje - STIL 2-3 (0-2)
Selje la press på Sandane med to mål i sluttfasen av kampen, men STIL hala i land ein sterk 3-2-seier på bortebane søndag ettermiddag.
Svein Kristiansen Fotball
05.05.2018 Søndagskamp mot tabellfirar Selje
Sandane tar søndag turen til Selje i ein kamp som vil gje dei blå litt meir peiling på kvar dei står i forhold til motstandarane i årets serie.
Svein Kristiansen Fotball
03.05.2018 Turn - neste sesong?
Turnstyret takkar for denne sesongen, og unner alle, både trenarar og turnarar ei velfortjent pause. Men før de tek heilt ferie vil vi gjerne vite om de ynskjer å halde fram med turn til hausten att.
Siv Kvalsvik Haugen Turn
23.04.2018 Sterk sesongopning av STIL
Mads Wie (3), Jonas Denk og Arne Morten Vilnes Øen sette måla då Sandane for første gang på mange år verkeleg dunka til i sesongstarten: 5-1 over Førde 2.
Svein Kristiansen Fotball
23.04.2018 Peter Holvik Lothe er gått bort
Nyleg kom den sørgelege bodskapen om at Peter Holvik Lothe er avliden, nær 56 år gamal. Med Peter har STIL misst eitt av klubbens varmaste hjarte.
Svein Kristiansen
20.04.2018 Siste informasjon før avreise til turnstemne i Førde
Her er siste info og detaljar før vi reiser til Førde i morgen. Avreise frå Sandane kl 09.00. For dei som vil kjøre saman, så er det samling ved STIL stova litt før ni. Vi sjåast:-)
Janne Gimmestad Turn
18.04.2018 Innkalling: ekstraordinært årsmøte
Jan Erik Mardal Fotball
14.04.2018 Turnstevne i Førde - skriv frå arrangør
Vi har motteke meir info frå Førde. Vi veit ikkje kva skule vi skal overnatte på, men det kjem info så snart dette er klart.
Janne Gimmestad Turn
04.04.2018 Turnbasar - køyreplan for turnarar og trenarar
Laurdag er det Turnbasar, og her kjem litt informasjon til turnarane og trenarar.
Siv Kvalsvik Haugen Turn
03.04.2018 Turnbasar: Informasjon til loddselgarane
Onsdag 4. april skal det selgast lodd til årets turnbasar. Då kjem turnarar og forestatte rundt til heimane.
Siv Kvalsvik Haugen Turn
23.03.2018 Loddsal til hovedlotteriet i turngruppa 4. april 2018
Onsdag ettermiddag 4. april er det igjen grunn til å vente besøk på dørane av små og store turnarar som sel lodd til inntekt for turngruppa i STIL. Annonsering av loddvinnarar på turnbasaren påfølgande laurdag i Trivselshagen (Firdahallen).
Janne Gimmestad Turn
23.03.2018 Turnkyllingane tek ferie - God påske!
Vi tek treningsfri i turngruppa i veke 13, og fyrste trening etter påske blir tysdag 3. april.
Janne Gimmestad Turn
16.03.2018 Klubbkveld hos Intersport onsdag 4. april kl. 18-20
Jan Erik Mardal Fotball
12.03.2018 Dugnadslister til Turnbasaren 2018
Stil Turn inviterer til den tradisjonelle Turnbasaren i Firdahallen laurdag 7. april.
Siv Kvalsvik Haugen Turn
09.03.2018 Takk til Karoline og Hege Marita!
På årsmøtet i STIL fotball gjekk Karoline Klausen og Hege Marita Svalheim ut av styret som hhv. økonomiansvarleg og kioskansvarleg. Begge har levert ein fantastisk innsats som har gitt framifrå resultat. Vi kjem til å sakne desse jentene i styret, men trur nok vi likevel kjem til å sjå dei i kulissane i åra som kjem. Stor takk også til Britt Elin Lothe og Sissel Ravnestad som har vore i kiosknemnda og Per Helge Evebø som har vore leiar i valnemnda.
Jan Erik Mardal Fotball
07.03.2018 Styresamansetning og nemnder for 2018
På årsmøtet i fotballgruppa vart det gjort fleire endringar i styresamansetninga og nye namn i nemnder.
Jan Erik Mardal Fotball
04.03.2018 Årsmøte i friidrettsgruppa søndag 11.mars
Det vert årsmøte i friidrettsgruppa søndag 11.mars kl.18 i STIL stova. Vanlege årsmøtesaker: årsmelding,rekneskap og val. Framlegg frå valnemd til styre 2018: Heidi Solheim,Olav Fuglestrand,Arne Mykland,Stig Svalheim(leiar).Alle attval.Ny: Trond Midtkandal.
Trude Eimhjellen Friidrett
02.03.2018 RESULTATSERVICE KM FUTSAL
Her får du løpande oppdatering frå samtlege kampar i KM.
Svein Kristiansen Fotball
02.03.2018 KM FUTSAL: Resultat laurdag 3. mars
Svein Kristiansen Fotball
28.02.2018 KM FUTSAL: Resultat søndag 4. mars
Svein Kristiansen Fotball
27.02.2018 KM: Dugnadslistene er klare!
Då er dugnadslistene finpussa og klare før den store finalehelga. Arrangør-STIL ønsker å vise seg frå si beste side når 1000 gjester kjem til Sandane. Les vidare for å sjå timeoppsett og kva rolle du/de har fått tildelt.
Svein Kristiansen Fotball
27.02.2018 Årsmøte i turngruppa 8.mars kl 20
Vi ynskjer velkomen til årsmøte i turngruppa kl 20.00 torsdag 8. mars i STIL Stova for alle medlemmar av turngruppa. Vanlege årsmøtesaker og val av 2 nye styremedlemmar. Saker kan meldast til turngruppa.stil@gmail.com.
Janne Gimmestad Turn
22.02.2018 Årsmøtet i STIL Fotball utsett til 6. mars
Årsrekneskapet til STIL er ikkje ferdig, og det tillyste årsmøtet til STIL Fotball må derfor utsetjast 1 veke. Ny dato er tysdag 6. mars kl 20.00.
Svein Kristiansen Fotball
20.02.2018 Årsmøte STIL handballgruppa
Torsdag 8.mars kl.19 vert det årsmøte på møterommet i STIL-stova. Vanlege årsmøtesaker. Alle medlemmer er velkomne!
Trude Eimhjellen
16.02.2018 KM-sluttspel futsal på Sandane 3-4. mars
Jan Erik Mardal Fotball
15.02.2018 Årsmøte i Sandane Turn og Idrettslag
Saksliste ligger i link i teksfeltet under. Årsmøtet i STIL blir torsdag 15. mars 2018 klokka 18:00 i STIL-stova.
Beate Dybendal Nordvik
08.02.2018 Då er vi klare for å ta i mot påmelding til årets barneturnstevne 21. og 22. april 2018
Turnstevnet er eit årleg arrangement i fylket, og denne gongen er det Førde IL som inviterar fylkets gymnaster til seg i april i lag med Sogn og Fjordane Gymnastikk og Turnkrets. Frist: Innan 17. februar 2018
Janne Gimmestad Turn
06.02.2018 Treningssamling med Niclas Lundmark 3.-4. mars
Turngruppa er stolt over at Nicklas Lundmark kjem til Sandane fyrste helga i mars for å halde trenarsamling for turntrenarane våre. Dette håper vi skal bli ei motiverande, lærerik og inspirerande samling. Har du meldt deg på?
Siv Kvalsvik Haugen Turn
06.02.2018 Vi treng nye folk i turnstyret!
Valnemnda til turnstyret er på leit etter nye styremedlemmar. Styret treng nye folk, og er i fyrste omgang på leit etter to nye styremedlemmar.
Siv Kvalsvik Haugen Turn
28.01.2018 Årsfesten vel gjennomført!!
Laurdag 27.januar gjekk årets STIL-fest av stabelen! Tradisjonen tru hadde AU laga til eit program som innheldt både idrett og musikk,med apell og med uttdeling av prisar for idrettsåret 2017.
Trude Eimhjellen
22.01.2018 Turnbasar 7. april
Stil Turn inviterer til den tradisjonelle Turnbasaren i Firdahallen laurdag 7. april. Alle er hjertelig velkomne til god basarstemning og flotte oppvisningar frå dei flinke turnarane våre!
Siv Kvalsvik Haugen Turn
15.01.2018 ÅRSMØTE I STIL FOTBALL
Det vert med dette kalla inn til årsmøte i STIL Fotball tysdag 27. februar kl. 2000, i Sandane Idrettspark. Vanlege årsmøtesaker. Har du har saker som du ønsker at årsmøtet skal behandle, må desse meldast til styret innan 13. februar.
Svein Kristiansen Fotball
03.01.2018 ÅRSFESTEN 2018!!
Den årvisse STIL-festen nærmar seg med stormskritt! Laurdag 27/1 er dag og dato i år. I god tradisjon ynskjer vi å gjere stas på personar som har gjort ein ekstra innsats for STIL i året som gjekk,eller i fleire år.
Trude Eimhjellen
10.12.2017 Juleferie på turngjengen
Siste turntrening før jul er enten veke 50 eller veke 51
Janne Gimmestad Turn
06.12.2017 Mads Wie melder overgang til Sandane
Storsignering for Sandane onsdag kveld: Mads Wie er klar for gamleklubben!
Svein Kristiansen Fotball
09.11.2017 STIL HUA
NYHEIT FRÅ HANDBALLGRUPPA: TØFF HUE MED STIL-LOGO STIL-HUA!!
Trude Eimhjellen
09.11.2017 Minihandballturnering i Trivselshallen
Komande søndag, 12/11 ventar vi storinnrykk i Trivselshallen.. Då kjem unge handballspelarar frå heile Nordfjord for å spele minihandball. 76 kampar skal avviklast på 6 minihandballbaner.Mange spelarar og dommarar skal i aksjon. Vi gledar oss til ein stor handballdag.
Trude Eimhjellen
05.11.2017 Sorg i Sandane Turn og Idrettslag
Ingemund Sægrov døydde brått 31. oktober, og vi sit tilbake med sorg. Heile STIL har dratt nytte av Ingemund sitt verbale talent, og i fotballgruppa har han vore ein påle gjennom 35 år.
Svein Kristiansen
05.11.2017 Ekstraordinært årsmøte
Det vil bli avholdt ekstraordinært årsmøte tirsdag 21. november kl. 20:00 i STIL-stova.
Beate Dybendal Nordvik
22.10.2017 Vil du bli turntrenar?
Turntreningane er i full gang - men ikkje for alle som har lyst. No leitar turngruppa med "lys og lykter" etter enda fleire som kan tenke seg å stille på som trenarar.
Siv Kvalsvik Haugen Turn
05.10.2017 Påmelding til turn
No opnar vi for påmelding til turn for sesongen 2017/2018.
Siv Kvalsvik Haugen Turn
02.10.2017 Oppstart barneidretten
Etter haustferien startar vi opp att treningane for born mellom 3 og 6 år.
Torill Fjellestad Barneidrett
30.09.2017 GEOREG på Fjelltrimmen
STIL går nå over fra maunell registrering til elektronisk registrering på Fjelltrimmen.
Beate Dybendal Nordvik
29.09.2017 Turn 2017/2018 - sesongen startar etter haustferien
Vi satsar på å starte opp turntreningane i midten av oktober, nærare bestemt frå 16. oktober.
Siv Kvalsvik Haugen Turn
26.09.2017 Vellykka hjelpetrenarkurs
Laurdag 9. september arrangerte Stil Turn saman med kretsen hjelpetrenarkurs!
Siv Kvalsvik Haugen Turn
21.09.2017 Oppstartsmøte handballsesongen 2017/18
Vi ynskjer trenarar og oppmenn velkomne til møte i STIL-stova onsdag 27/9 k.18-19
Trude Eimhjellen
01.09.2017 Turn - kva skjer?
Mange lurer og spør om korleis det ligg an med turn, og når tid vi evt startar opp....
Siv Kvalsvik Haugen Turn
24.08.2017 Vi tar av oss hatten!
STIL-fotballen har all grunn til å feire: Heile 6 trenarar fullfører torsdag kveld si trenarutdanning som Grasrottrenar (C-lisens). STIL har ein fantastisk ressurs i trenarkorpset som no tel 21 trenarar med kvalifikasjonar som Grasrottrenar eller UEFA B-trenar. I tillegg er det eit større antall som er på veg til å fullføre sine utdanningar.
Svein Kristiansen Fotball
20.08.2017 Kamp- og dommaroversikt hausten 2017
Haustsesongen er for lengst i gang, og innan siste spark på ballen verte teke 31. oktober skal det spelast heile 78 heimekampar for Sandane sine mange lag. Kamp- og dommaroversikten er no lagt ut på STIL si heimeside.
Svein Kristiansen Fotball
15.08.2017 Førde trekker laget
Førde 2 slit med spelarmangel og må dessverre trekket laget sitt frå 3. divisjon damer.
Svein Kristiansen
14.08.2017 Trenarkurs på Sandane
Torsdag 17/8 og torsdag 24/8 vert delkurs 4 i C-trenarstigen arrangert på Sandane. Kurset er svært aktuelt for trenarar i ungdomsfotballen, men er relevant for alle trenarar.
Svein Kristiansen Fotball
04.08.2017 Æresvakt for Synna Løken
STIL sto æresvakt ved kyrkja då Synna Løken vart ført til sin siste kvilestad.
Svein Kristiansen
01.08.2017 Sunneva Julia Løken har gått bort
Æresmedlem i Sandane Turn og Idrettslag, Synna Løken, døde 29. juli, ein dag før ho ville fylt 91 år. Det er eit heilt spesielt medlem av STIL-familien som no er borte. Ho var turninstruktør i laget vårt i 50 år, og gav seg først då ho hadde passert 80 år.
Svein Kristiansen
23.06.2017 Hva er vitsen med TINE Fotballskule for Sandane fotball?
130 barn og 20 instruktørar. 3 dagar i juni. Sandane sin A-lagstrenar, trenarrettleiar og drivkraft i det sportslege arbeidet i klubben har gjort seg nokre refleksjonar. Torbjørn Gran har ordet.
Svein Kristiansen Fotball
22.06.2017 Kjempetilbod frå G-sport!
Vi minner om tilbodet frå vår utstyrsleverandør og sponsor: G-sport Sandane: Stor rabatt på alle fotballsko ut denne veka!
Svein Kristiansen Fotball
07.06.2017 Landskamp i fotballhallen!
13. juni kl 19.45: Tysdag kveld er det samling for alle fotballinteresserte: Norge - Sverige på storskjerm!
Svein Kristiansen Fotball
22.05.2017 TINE Fotballskule 2017
Då er det klart for påmelding! Tre dagar med fotballmoro 19.-21. juni. Velkomen!
Svein Kristiansen Fotball
14.05.2017 Rusfri 16. mai!
Svein Kristiansen
05.05.2017 -Ikkje bekymra
-Vi kan takke oss sjølve for at vi ikkje avgjorde denne kampen lenge før utlikningsmålet kom på overtid. STIL-trenar Torbjørn Gran må konstatere at laget hans framleis må sjå langt etter årets første seier. 1-1 mot Balestrand var i underkant om ein ser på det som faktisk skjedde ute på bana.
Svein Kristiansen Fotball
05.05.2017 Sandane med poengtap på overtid
Sandane gjekk på eit frykteleg poengtap då 1-0-leiing vart til 1-1 fem minutt på overtid.
Svein Kristiansen Fotball
05.05.2017 Blir det seier i kveld?
Sandane sitt herrelag møter fredag kveld Balestrand til kamp i Idrettsparken. Begge lag ønsker seg poeng.
Svein Kristiansen Fotball
04.05.2017 Sandane/Breimsbygda med storseier
Det var stor skilnad på laga då Sandane/Breimsbygda klinka til med 6-0 mot Førde 2.
Svein Kristiansen Fotball
04.05.2017 Dina skal produsere filmar for Norges Gymnastikk- og Turnforbund
I vår gjekk NGTF ut og inviterte interesserte til å dokumentere kva som skjer i turnverda rundt i landet. Dina tok kontakt og fekk jobben!
Janne Gimmestad Turn
28.04.2017 Friidrett for born fødde 2010-2013
Barneidretten satsar denne våren på fellestrening i friidrett på Idrettsplassen
Torill Fjellestad Barneidrett
27.04.2017 Sandanedommarar dømmer 3. divisjon
Usikker, men det må vere år og dag sidan, om det i det heile har skjedd før: Ein dommartrio frå Sandane i aksjon i fylkesdivisjonen for damer.
Svein Kristiansen Fotball
19.04.2017 Turnstemne i Måløy 22.-23. april
Til helga reisar nærare 100 turnarar frå STIL til Måløy for å delta på barneturnstemnet som vert arrangert i Nordfjordhallen.
Siv Kvalsvik Haugen Turn
18.04.2017 Grasrottrenarkurs på Sandane
Det er god flyt i trenarutdanninga for tida: Til helga blir delkurs 2 i Grasrottrenarutdanninga (C-kurs) arrangert på Sandane.
Svein Kristiansen Fotball
09.04.2017 Sandane/Breimsbygda - Førde 3-0
Sandane/Breimsbygda tok tidleg leiing og det var aldri tvil om seieren i treningskampen mot Førde.
Svein Kristiansen Fotball
06.04.2017 Damelaget med sterk borteseier
2017 byr på eit interessant og spennande innslag: STIL/Breimsbygda sitt damelag skal innta Idrettsparken med heimekampar annankvar helg. Vi gleder oss! I kveld vart presesongens andre kamp mot TMFK spela i Måløy. Kampen enda med ein sterk seier for damene våre.
Svein Kristiansen Fotball
06.04.2017 Friidretten denne våren
Friidretten startar for fullt etter påske. Sjekk ut programmet her!
Torill Fjellestad Friidrett
02.04.2017 G13-14 med flott heimeseier
Slo Sogndal 2 i Idrettsparken.
Svein Kristiansen Fotball
02.04.2017 Turnbasaren gjekk strålande! - og kven vann Hovudlotteriet?
Turngruppa takkar alle som møtte opp på Turnbasaren i Firdahallen Laurdag 1. april. Turnarane leverte nokre fantastiske oppvisingar som viste fram spekteret av det vi trenar på gjennom sesongen.
Siv Kvalsvik Haugen Turn
31.03.2017 Travel idrettshelg
Turnbasarhelga er på gang, og i Idrettsparken er det 15 stk samla på trenarkurs. Søndag spelar STIL sitt A-lag treningskamp mot Hyen i Idrettsparken. Og før dette: under trenar Vidar Bjotveit si leiing møter vårt lovande G14-lag Sogndal 2 til seriekamp same stad!
Svein Kristiansen Fotball
30.03.2017 Uttekne til Enivestserien
Åtte 13-åringar frå Sandane er uttekne til spel for Nordfjord i Enivestserien.
Svein Kristiansen Fotball
29.03.2017 Sesongen er i gang!
Rekordtidleg sesongstart; STIL G15-17 leverte ei pangopning då dei møtte TMFK onsdag kveld.
Svein Kristiansen Fotball
29.03.2017 Mange vil bli Grasrottrenar
Det er god påmelding til trenarkurset på Sandane førstkomande helg. Deltakarane blir dei første som får prøve e-læring som del av kursopplegget.
Svein Kristiansen Fotball
26.03.2017 Hugs turnbasaren 1. april!
Stil Turn inviterer til den tradisjonelle Turnbasaren i Firdahallen laurdag 1. april. Alle er hjertelig velkomne til god basarstemning og flotte oppvisningar frå dei flinke turnarane våre! Vi starter med defilering frå heradsplassen kl 15.00. Basaren starter kl 15.30
Siv Kvalsvik Haugen
26.03.2017 Turnbasar med flotte vinstar!
1. premien i årets hovudlotteri er heilt fantastisk - den heldige får 2 netter overnatting for 3 personar i den tøffaste trehytta i Nordfjord! Takk til Engeset Trehytter som spelar på lag med STIL turn!
Siv Kvalsvik Haugen Turn
24.03.2017 Uavgjort mot Vikane
Sandane 2 viste mykje fin fotball i årets første treningskamp.
Svein Kristiansen Fotball
16.03.2017 Check: Årsmøte i turngruppa
Turngruppa har hatt årsmøte i kveld, og faste postar er gjort unna.
Janne Gimmestad Turn
16.03.2017 Årsmøtet i STIL 23/3-17 SAKLISTE
Her kjem saklista til årsmøtet neste veke.
Trude Eimhjellen
16.03.2017 G16: Sogndal - Sandane 2-6
STIL sitt 16-årslag med knallsterkt resultat på bortebane. Skal møte Førde og Stryn til kamp om ein plass i NM Telenor Cup G16 2017.
Svein Kristiansen Fotball
16.03.2017 Bolseth Glass fornyar med STIL
Bolseth Glass har fornya samarbeidet med STIL Fotball i tre nye år. -Oppmuntrande og svært viktig for klubben at ein av våre mest trugne støttespelarar framleis vil vere med, seier fotballformann Sjur Gimmestad.
Svein Kristiansen Fotball
14.03.2017 Med hjartet i STIL
Nokon som hugsar tilbake til den gangen Allan Mardal IKKJE hadde verv i STIL?
Svein Kristiansen Fotball
14.03.2017 Arild Bruland takka av i fotballstyret
-Vi har deg å takke for at vi som første klubb i fylket fekk status som Kvalitetsklubb, sa fotballsjef Sjur Gimmestad då han takka Arild Bruland for over ti års innsats i STIL-fotballen. Same mann leia arbeidet då STIL begynte å sysle med planar om kunstgrasbane på Sandane.
Svein Kristiansen Fotball
14.03.2017 Håvard Hetle til landsdelssamling
Den lovande målvakta Håvard Hetle (f. 2003) er ein av seks gutar frå fylket som er utteken til landsdelssamling i Sarpsborg.
Svein Kristiansen Fotball
13.03.2017 Desse styrer Sandane-fotballen
Her er oversikt over styre og nemnder i fotballgruppa.
Svein Kristiansen Fotball
13.03.2017 Nye kostar i fotballgruppa
Jan Erik Mardal, Egil Brekke og Kjell Alme tar plass i fotballstyret.
Svein Kristiansen Fotball
09.03.2017 Dugnadslister til Turnbasaren
Turngruppa har laga klare dugnadslistene til årets turnbasar. Dei fleste foresatte/turnarar er sett opp til ulike oppgåver. gjer vel å kik gjennom lista for å sjå om du står oppført!
Siv Kvalsvik Haugen Turn
08.03.2017 Gode takter av damelaget
Til å vere første treningskamp i år og årets første gjennomkjøring på full bane, lovar dette bra, seier STIL-trenar Jan Asle Rustøen etter 2-3 mot TMFK i Idrettsparken onsdag kveld.
Svein Kristiansen Fotball
08.03.2017 Sterkt Eidalag slo Sandane
Treningskamp: Det var ikkje noko å seie på at Eid vann, men i Sandaneleiren var det heller ikkje vanskeleg å finne ting som gleda.
Svein Kristiansen Fotball
07.03.2017 Trenartroikaen er klar!
Unge, friske krefter tar over Sandane 2.
Svein Kristiansen Fotball
06.03.2017 ÅRSMØTE I FOTBALLGRUPPA
Som tidlegare meldt blir det årsmøte i fotballgruppa mandag 13. mars kl. 2000. Vil du sjekke pulsen på ein organisasjon med stor vitalitet og god stayerevne - møt opp og få eit nærare innblikk.
Svein Kristiansen Fotball
06.03.2017 Grasrottrenar? - Bli med på kurs!
Det nærmar seg knøttesesong! Bli med, støtt opp om barna og klubben: vi tilbyr grunnkurs for foreldre og alle andre interesserte. Kurset passar for alle i aldersbestemt fotball.
Svein Kristiansen Fotball
06.03.2017 Turndrakter - felles bestilling innan 12. mars
Vi tek i mot felles bestilling av turndrakter både til jentar og gutar førstkommande veke ( nr. 10).
Janne Gimmestad Turn
05.03.2017 Tusen takk, folkens!
Fullsett hall i to dagar. Flotte idrettsprestasjonar, verdige vinnarar og gode tilbakemeldingar til eit velsmurd STIL-apparat = ein veldig nøgd Sandanesjef. Vår lokale Fair Play-honnør går dessutan til Hafslo.
Svein Kristiansen Fotball
05.03.2017 Sandane J19 på tredjeplass
Sandane møtte Stryn i semifinalen i J19-klassa, og for andre gong i dag var det eit strynelag som skulle sette ein stoppar for finaledraumen for eitt av våre jentelag. Men i bronsefinalen var det ingen tvil: Sandane tok tredjeplass i turneringa.
Svein Kristiansen Fotball

Sandane Turn og Idrettslag
Postboks 157
6821 Sandane
post@sandanetil.no

Organisasjonsnummer 971 366 494

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift