Mange rekruttar på friidrettstemne onsdag 26. april

Onsdag 26. april gjekk sesongens fyrste seriestemne på idrettsparken av stabelen. Det var helst god deltaking og mange fine prestasjonar.

Det var opplettsver, og helst fine forhold for friidrett denne ondagen, sjølv om det framleis var litt kaldt. Rekruttane deltok i 60m og lengde. På biletet er Madelen Oma (J-rekrutt) på veg mot planken i lengdetevlinga. 10 åringane og dei som er eldre også kunne delta i kule og 600m. Det var ei stor gruppe med rekruttar som deltok, både jenter og gutar. Dei er med på teningane på friidrettsparken, og var klare no for det fyrste stemnet dette året.

Tiåringen Milan Tischer debuterte på 600m med eit fint løp. Sondre Svåsand Måge G13, sesongdebuterte på bane på same distanse med tida 2,05,28. Ingrid Almås, J12, støytte 2 kg-kule 6,29m. Både ho og Tuva Kvamme og Elisabeth Skogasel i J13-klassen deltek både på treningar og stemner i friidrett. I kuleøvelsen oppnådde Joacim Knudsen G15, 7,49m med 4 kg kule, medan Samuel Børsheim klarte 9,34 med 6 kg kule. Vanja Lid Eve (bilete) er berre 10 år, men hadde fleire fine resultat både på 60m og lengde og kule. For resultat: Klikk på linken oppe til høgde på denne sida.

Neste friidrettstemne på Strandebarm Idrettsparken vert onsdag 10. mai kl. 18. Øvelsane då vert: 60 m Rekrutt – veteran, 200m 10 år – veteran, 800m 14 år – veteran, Liten ball Rekrutt, Høgde 10 år – veteran, Spyd 10 år – veteran.

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift